Distribusjonssjåfør - Thor Tenden Transport - Stryn
Thor Tenden Transport AS
Visnesvegen 15, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Distribusjonssjåfør
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 31. juli
Send søknad til
Har du lyst på ein kjekk kvardag bak rattet - med faste ruter, god stemning og trivelege folk rundt deg?
På grunn av aukande oppdragsmengd søkjer vi no ein distribusjonssjåfør til utkøyring av varer i Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og Søre Sunnmøre. Hos Thor Tenden Transport blir du ein del av eit trygt og jordnært arbeidsmiljø der vi held det vi lovar - både til kundar og kollegaer.
Vi ser etter deg som er påliteleg, ansvarsbevisst og har orden i sakene. Du trivst med å jobbe aleine, men likar også å vere ein del av eit lag. Du møter folk med eit smil, er hjelpsam og bidreg til god stemning på jobb. Likar du å vere i aktivitet og tek ting som dei kjem - då kan dette vere jobben for deg.
Arbeidsoppgåver:-
Lasting og lossing
-
Køyring i henhald til avtalt rute
-
Vedlikehald av bil og utstyr
-
Yte god service ute hos kundane våre
-
Førarkort klasse C/CE
-
YSK
-
Truckførarbevis
-
ADR-bevis er ønskjeleg
-
Gode norskkunnskapar
-
Gode arbeids- og lønsvilkår
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Eit trygt og godt arbeidsmiljø med hjelpsame og erfarne sjåførar
-
Ein moderne bilpark med godt utstyrte og vedlikehaldte bilar
-
God opplæring og oppfølging - vi sørgjer for at du føler deg trygg i jobben
-
Mogelegheit for både faste ruter og variert køyring
-
Arbeid i ei bedrift med høg standard på kvalitet og service
-
Ein jobb der du får vere i aktivitet og kjenne at du gjer ein viktig forskjell - kvar dag
-
Kurs i ADR ved behov og resertifisering i YSK
Send inn ein søknad eller ta kontakt viss du lurer på noko. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Thor Tenden Transport AS er ei tradisjonsrik verksemd som har over 75 års erfaring i bransjen. Selskapet har i dag rundt 30 køyretøy og ca. 40 tilsette. Les meir om oss på www.tenden.no.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
16b9e25f-d422-468e-a93d-760c9f5b9a78
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
16b9e25f-d422-468e-a93d-760c9f5b9a78