Hopp til innhold

Spesialsykepleier/sykepleier

Arbeidsgiver

Medisinsk poliklinikk og dagbehandling SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N

Om jobben

Oppstart
1. oktober 2026
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 11. september

Vi har ledig eit 100 % vikariat for sjukepleiar/spesialsjukepleiar ved Medisinsk poliklinikk og dagbehandling SNR. Behovet er per i dag størst i Kristiansund, men det må reknast med arbeid på Hjelset ut frå driftssituasjonen.
Hos oss får du ei sentral rolle i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og godt tverrfagleg samarbeid. Du vil vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av framtidas polikliniske tenester.
Stillinga er hovudsakleg knytt til hjartepoliklinikken, men det kan òg vere aktuelt å delta i undersøkingar og prosedyrar ved lungepoliklinikken.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg interessert sjukepleiar/spesialsjukepleiar som ønskjer å arbeide med varierte og spennande oppgåver. Du må trivast med både sjølvstendig arbeid og tett samarbeid med sjukepleiarar, legar og andre faggrupper.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak, rettleiing og oppfølging av pasientar
  • Sjølvstendige konsultasjonar innan hjartesvikt, koronarsjukdom og atrieflimmer
  • Assistere ved undersøkingar og prosedyrar
  • Pasientopplæring og formidling av informasjon
  • Andre oppgåver knytte til den daglege drifta ved hjarte- og lungepoliklinikken i Kristiansund

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan kardiologi eller lunge kan være ein fordel
  • Erfaring fra poliklinikk kan være ein fordel
  • Har interesse for fagområdene hjerte og lunge

Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, strukturert, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team
  • Du har gode kommunikasjonsevner og er dyktig til å bygge relasjonar med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Du har evne til å inspirere og motivere kollegaer, og bidreg aktivt til fagleg utvikling og kunnskapsdeling i teamet
  • Du ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og har eit sterkt engasjement for fagleg utvikling og kontinuerleg læring

 Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her

Kontaktinformasjon

Elin Kjønnø, Konst. seksjonsleiar, +47 92436070
Linn Kristin Svanemsli, Seksjonsleiar, Linn.Kristin.Svanemsli@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei
6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5170719775
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.03.2027
Søknadsfrist: 11.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Linn Kristin Svanemsli

Seksjonsleiar

Linn.Kristin.Svanemsli@helse-mr.no

Elin Kjønnø

Konst. seksjonsleiar

+47 92436070

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

16b4dce7-00a0-4a6b-a27c-367be7ce9b84

Sist endret

28. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4855ea6c16f34c3b9dd09f24270234ae

Lignende annonser

Laster lignende annonser