Sundheimen
Øygarden kommune Sundheimen
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/assistent/student til 4*16% fast langvakthelg
Type ansettelse
Fast, deltid 16%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Sundheimen søkjer ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar som vil væra med og forme framtida for eldreomsorga. Er du engasjert og ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby bærekraftige tenester.
Om oss
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Inntil 10 av 20 omsorgsbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Sundheimen og omsorgsbustadane har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Som helsefagarbeidar hos oss får du jobbe i eit tverrfagleg team i eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god helsefag- og sjukepleiarkompetanse der vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi har eigne kjøken-assistentar på kvar gruppe dagleg.
Vi har frivillige som bistår oss med aktivitetar som bingo, andakt og besøksvenn. Vi ønskjer det beste for våre brukarar og legg til rette for kjekke aktivitetar i kvardagen.
Vi har stort fokus på arbeidsmiljø. Vi har det kjekt i lag på jobb, og du vil garantert bli tatt godt i mot som vår nye medarbeidar.
Vi har fått opprette nye stillinge og har no ledig 4*16% faste langvakthelg stillinger
Stillingane inngår i årsplan med arbeid vakter på 12,5 timar 12 helger i året
Arbeidsoppgåver:
- Pasientretta arbeidsoppgåver i sjukeheimsavdeling
- Dagleg avdelingsarbeid
- Delegert ansvar for medikamenthandtering kan vurderast
- Sørgje for god samhandling og dokumentasjon i gjeldande fagsystem
Kvalifikasjonar:
- Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
- Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- Gyldig arbeids-og opphaldsløyve
Må ha:
- Gyldig politiattest , ikkje eldre enn 3 månader
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Gjerne erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Har god evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er lærelysten, tar ansvar og nyttar kunnskap i praksis
- Du er løysningfokusert og engasjert,
- Du er fleksibel, positiv og ønskjer å skape gode øyeblikk for pasientar
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Du er trygg i dialog med pårørande og kommuniserer tydeleg
- Personleg egnaheit vert vektlagt
Anna:
- Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :
- 1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn
- 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
- 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
- Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet
Ved internt opprykk kan andre stillingar bli aktuelle og vil bli vurdert av same søkarmasse
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi har gratis parkering for tilsette
- Moglegheit for lading av bil
Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode , 56160400/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar : Glenn Bjærum. 56160400/90076122 glenn.bjarum@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
16af9104-7cc6-4d0e-8453-00c927c6b816
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3550663_194033_nn