Helsefagarbeidar - Svingen - helgestilling / tilkallingsvikar
Svingen/Reini, Vinje kommune
Vinjevegen 192, 3890 Vinje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - Svingen - helgestilling / tilkallingsvikar
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 17%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Svingen og Reini bufellesskap er moderne bufellesskap, med høvesvis 11 og 4 leiligheiter og fellesareal inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonsnedsettingar, i alle aldrar og med ulike trong for hjelp. Her har den einskilde vedtak på tenester, og arbeidet vårt er å hjelpe den enkelte med ulike daglegdagse gjeremål. Det betyr alt frå pleie, omsorg og veiledning, til å bli med på ulike aktivitetar. I tenesta vår samarbeider me med fleire ulike instansar, spesialisthelsetenesta, tverrfagleg helseteneste i kommunen og ulike arbeidstiltak.
Me har eit godt arbeidsmiljø, og er ein glad gjeng som hjelper og støttar kvarandre. Me arbeider kontinuerleg for å ha eit breitt fagleg fokus, og halde oss oppdaterte for å yte gode tilbod til bebuarane.
Me legg vekt på endrings- og utviklingsarbeid, med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi.
Helgestillingar med arbeid kvar 2. eller 3. helg. Tilkallingsvikarar til vekedagar og helger.
Arbeidsoppgåver
- Skape gode dagar for den enkelte bebuar, i høve deira ressursar og interesser
- Ivareta den enkelte bebuar sine behov i eit livsløpsperspektiv
- Målretta miljøarbeid og helseoppfylging hjå bebuarane
- Utføre kliniske vurderingar saman med kollegaer, og fortløpande vurdere bebuar sin heilskaplege tilstand
- Samarbeid med kollegaer og pårørande
Kvalifikasjonar
- Me søkjer primært deg med ei helsefagleg utdanning, men andre kan også søkje
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Minimum Norsk kunnskap nivå B2
- Førarkort klasse B for manuelt gir
Personlege eigenskapar
- Du bidrar aktivt til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- Du er løysingsorientert og tek nye utfordringar
- Du skapar gode relasjonar til bebuarar og pårørande
- Du er påliteleg, fleksibel og strukturert
- Du kan jobbe både sjølvstendig og i team
- Du har interesse for å ta i bruk ny teknologi
- Det er ynskeleg at du har erfaring frå helse og omsorgsarbeid
- Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218Arbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4919452838
Stillingsprosent: 17%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 16.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Hjørdis Ringhus Saupstad
Avdelingsleiar Svingen og Reini
+47 97028218
Om bedriften
Me har ansvar for tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonshemmingar i alle aldrar, med ulike bistandsbehov. Svingen og Reini er moderne bufellesskap med 11 bustadar på Svingen, og 4 bustadar på Reini. Avdelinga har 37 årsverk med ulik fagleg bakgrunn og kompetanse.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2864574
- Hentet fra
talentech
- Referanse
33c66d6744ed46f4bbeee7347dab47fa