Er du god på kvantitativ metode, datahandtering og statistiske analysar? Bidra til betre offentleg forvaltning
Riksrevisjonen
Kirkegata 43, 4612 Kristiansand S, Strandvegen 13, 9007 Tromsø, Storgata 16, 0155 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar - forvaltningsrevisor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 8. oktober
Ein sentral del av Riksrevisjonens samfunnsoppdrag er å undersøkje om statsforvaltninga gjennomfører Stortingets vedtak på ein effektiv og målretta måte. Gjennom forvaltningsrevisjonar vurderer vi korleis statlege ressursar blir brukte, om departement og verksemder når måla Stortinget har sett, og om tiltaka som blir gjennomførte gir dei ønskte resultata. Rapportane våre gir Stortinget eit viktig grunnlag for å følgje opp forvaltninga på alle sentrale samfunnsområde.
Du vil bli ein del av ein av to avdelingar for forvaltningsrevisjon, som med om lag 100 tilsette er eit av Noregs største fagmiljø innan utgreiing og analyse. Avdelinga består av medarbeidarar med brei og tverrfagleg kompetanse, og Riksrevisjonen har ein unik tilgang til data og kunnskapsgrunnlag.
Som forvaltningsrevisor får du høve til å arbeide med komplekse og samfunnsviktige problemstillingar i tverrfaglege team. Du vil bidra til analysar og rapportar som gir Stortinget grunnlag for å vurdere resultata og måloppnåinga til forvaltninga. Vi søkjer særleg etter kandidatar med kompetanse innan metode og statistisk analyse. Hovudoppgåvene vil vere å behandle og analysere data for å belyse spørsmål om mellom anna måloppnåing, ressursbruk og effektar av offentlege tiltak. Du vil også kunne bidra til å utvikle nye og innovative metodar for analyse og visualisering av data.
Hos oss får du faglege utfordringar i eit sterkt og engasjert fagmiljø, samtidig som du får høve til å påverke viktige avgjerder gjennom undersøkingar med stor betydning for samfunnet. Det er ikkje krav om relevant arbeidserfaring, og nyutdanna blir derfor også oppmoda til å søkje. Hovudkontoret vårt ligg i Oslo, men til denne stillinga vil det også vere mogleg å jobbe frå regionkontoret vårt i Kristiansand eller Tromsø.
Kva vil du få jobbe med hos oss?
- Gjennomføre forvaltningsrevisjonar ved bruk av både kvalitative og kvantitative metodar
- Utføre statistiske analysar og utforme deskriptiv statistikk
- Dokumentere, kvalitetssikre og rapportere revisjonsarbeidet
- Delta i arbeidet med risikoovervaking og foreslå tema til nye undersøkingar
- Presentere og kommunisere resultat av analysar og undersøkingar internt og eksternt
Kva slags kompetanse har du?
- Du har minimum mastergrad med gode resultat innanfor samfunnsvitskaplege eller økonomiske fag.
- Du har god kunnskap om programmeringsspråk som R eller Python.
- Du har god kunnskap om kvantitative metodar, datahandtering og statistiske analysar.
- Dersom du har noko praktisk erfaring så kan det telje positivt. Med praktisk erfaring blir det her sikte til bruk av kvantitativ metode eller programmeringsspråk gjennom til dømes masteroppgåve
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Du har gode analytiske og metodiske ferdigheiter
- Du har interesse for statsforvaltninga og forholdet mellom Stortinget og regjeringa
- Du har interesse for og evne til å lære deg nye metodar og digitale verktøy
- Du kan arbeide strukturert og sjølvstendig, men også samarbeide godt i og trivst med å arbeide i team
- Du er nysgjerrig, kreativ og løysingsorientert
Kva får du hos oss?
Du får høve til å jobbe med oppgåver som har mykje å seie for samfunnet og demokratiet. Du får eit godt arbeidsmiljø og unike høve til å utvikle nye kunnskapar og sparre med kunnskapsrike kollegaer om faglege problemstillingar.
Vi har fleksitid og sommartid, og kvar veke får du ein time til å trene i arbeidstida. Du får ein jobb midt i Oslo sentrum.
Du blir medlem i Statens pensjonskasse som inneber ein god tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring og ei moglegheit for gunstig bustadlån. Kompetanseutvikling er viktig, og du får 40 timar årleg til dette. Om du etter kvart får lyst på meir påfyll av kompetanse, har vi gode ordningar for etterutdanning.
Du vil bli tilsett som rådgivar med lønnspenn frå 610.000 til 700.000 kroner.
Klar for å bidra til ei betre offentleg forvaltning?Då håpar vi å høyre frå deg! Du søkjer via søknadsportalen vår. Vi er meir opptekne av kva du kan enn kor god du er til å skrive ein søknad. Vi ber deg derfor om heller å laste opp ein utfyllande CV som viser kva erfaring og kompetanse du har. I tillegg ber vi deg laste opp vitnemåla dine via Vitnemålsportalen og leggje ved eventuelle relevante attestar. Dersom du har utdanning teke i utlandet må du vedleggje dokumentasjon frå HK-dir/NOKUT som stadfestar omfanget og nivået i utdanninga samanlikna med tilsvarande norsk.
Riksrevisjonen praktiserer eit inkluderande arbeidsliv. Det betyr at vi ønskjer velkomne kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere.
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Vi vil varsle deg på førehand viss reservasjonen ikkje kan kommast i møte, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd, § 25.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Knut Arne Vågeskar på telefon 472 70 881.
Kontaktinformasjon
Knut Arne Vågeskar, Avdelingsdirektør, 472 70 881Arbeidssted
Storgata 160155 Oslo
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: RiksrevisjonenReferansenr.: 5182981086
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Knut Arne Vågeskar
Avdelingsdirektør
472 70 881
Om bedriften
Riksrevisjonen skal bidra til at fellesskapets midlar og verdiar blir brukte og forvalta slik Stortinget har bestemt. Dette gjer vi gjennom revisjon, kontroll og rettleiing.
Riksrevisjonen skal vere kompetent, uavhengig og objektiv. Høgt fagleg nivå og tillit i samfunnet er viktig for oss. Internt legg vi vekt på lagånd, openheit og respekt for å oppnå gode resultat.
Vårt hovudkontor ligg i Oslo. Vi har regionskontor i Kristiansand, Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og på Hamar. Vi har om lag 425 høgt kompetente medarbeidarar.
Les meir om oss på www.riksrevisjonen.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
165b70e6-36f3-4102-9cbc-98f2beacbc02
- Sist endret
22. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
157a8456fbc0422782d4568aea4baa16