Fagingeniør i vakre Hardanger? Vi tilbyr bustøtte for en god start!
Laboratoriet Odda sjukehus
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Då må du søkje på stilling som fagingeniør hematolog og koagulasjon hos oss ved Laboratoriet Odda! Vi er ein del av avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna og er lokalisert i Odda sjukehus.
Sjukehuset vårt er eit akuttsjukehus, noko som gir ein spanande og variert kvardag. Laboratoriet er døgnbemanna og stillinga inngår i vaktordninga med arbeid kvar 4-5 helg. Laboratoriet vårt har fagområda preanalyse og prøvetaking, blodbank, medisinsk biokjemi og mikrobiologi.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåver og du vil rullere mellom dei ulike fagområda.
Flyttepakke: Reise- og flyttekostnader (inntil 20.000,-). Husleie i 6 måneder (inntil 60.000,-) .
Arbeidstider: Vi tilbyr gunstige turnusbetingelsar.
Studentar oppfordras til å søkje.
Ta gjerne kontakt for ein uformell prat, eller berre send inn søknaden din. Vi gler oss til å ønske ein ny kollega velkommen til vårt team!
Arbeidsoppgåver
Utføre delegerte oppgåver fra fagansvarlig ingeniør hematologi/koagulasjon som td:
- Bestilling av forbruksvarer, reagens og kontroller
- Mottakskontroll av varer og utstyr
- Opplæring av ansatte
Delta i laboratoriet sin rutinedrift:
- Tapping av blodgivere
- Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
- Blodprøvetaking
- Delta i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er fleksibel og serviceinnstilt
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- er nøyaktig og kan jobbe effektivt og systematisk
Vi tilbyr
- Gode lønnsvilkår
- Turnusordning med mulighet for friperioder
- Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Veiledning med å finne bustad
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, randi.djonne@helse-fonna.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 105750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4826813579
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2676412
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a2c5473690c14e9a91c3c87e4687d27f