Hopp til innhold

Reinhaldsassistent/Reinhaldar

Arbeidsgiver

Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Hospitaldrift Reinhald har ledig 100% fast stilling som Reinhaldsassistent/Reinhaldar frå 1. Januar 2027.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil bestå av regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
  • Arbeid på ulike lokasjonar, inkludert rus- og psykiatriteneste
  • Arbeid i turnus med dag/kvelds/helgevakter

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå reinhald, gjerne frå sjukehus eller annan helseinstitusjon
  • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
  • Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
  • Det vil bli lagt vekt på personleg egnetheit
  • Må kunne kommunisere godt med brukarar, tilsette og samarbeidspartnarar
  • Gode IKT-kunnskapar og evne til å bruke digitale system i det daglege arbeidet
  • Førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt og opptatt av kvalitet i arbeidet
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, like å jobbe i team
  • Må kunne følge, og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
  • Må vere fleksibel og kunne flytte seg mellom ulike lokasjonar på kort varsel
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid

Vi tilbyr

  • Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
  • Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
  • Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Maiken Knoph Lie Falkanger, Seksjonsleiar, 90101828

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5200594604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 30.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Maiken Knoph Lie Falkanger

Seksjonsleiar

90101828

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

154bd2fe-1658-4cdb-9d29-a28b949a8f9a

Sist endret

30. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8a55310354724a45a22046f1da6ba00d

Lignende annonser

Laster lignende annonser