Vernepleier eller miljøterapeut - 100% i Bjørkhaugen Bufellesskap
Alver kommune
Kvernhusmyrane 18, 5914 Isdalstø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleier / miljøterapeut - 100% - Bjørkhaugen Bufellesskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 18. september
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert og motivert kollega til ei 100% stilling i Bjørkhaugen bufellesskap. Turnus vil per no i hovudsak vere dagvakter på ca 7,5 timar og ei til to kveldsvakter i veka og arbeid 4. kvar helg med langvakter. Oppstart er etter avtale.
Om oss
Bjørkhaugen Bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er heimen til 6 personar med ulik grad av funksjonshemming. Bustaden er døgnbemanna. Vårt mål er å gje tilpassa tenester for at kvar og ein skal oppleve meistring og sjølvråderett, samt å få riktig hjelp og støtte for å leve eit godt liv. Me er også opptatt av å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde.
For å oppnå dette treng me ein vernepleiar eller miljøterapeut med engasjement og pågangsmot. Me søkjer engasjert og fagleg interessert vernepleier eller miljøterapeut.
Arbeidsoppgåver
- Fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene, inkludert igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak
- Tett somatisk og medisinsk oppfølging
- Samarbeid med legar og spesialisthelsetenesta
- Primærkontaktoppgåver
- Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
- Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane, etter vedtak
- Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
- Pårørandesamarbeid
Kompetanse
- Offentleg godkjent vernepleiar vert prioritert
- Miljøterapeut med minimum 3-årig sosialfaglig, pedagogisk eller helserelatert høgskuleutdanning
- God norskkunskap, både munnleg og skrifteleg
- Gode evner i bruk av dataverktøy
- God evne til å bygge og vedlikehalde relasjonar både til bebuarar, pårørande og kollegaer
- Førarkort kl. B
Kven er du?
- Du tar ansvar for faglig arbeid, igangsett tiltak ved behov og følgjer opp arbeidet vidare
- Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar
- Du har naturleg evne til å sjå kvar bebuar sine ressursar og behov
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
- Du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press
- Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
- Du kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du har god fysisk og psykisk helse
Du har somatisk erfaring og fagleg engasjement
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff i Alver kommune
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
15245e6a-2acc-4568-888b-85c99b1d11c7
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261530