Avdelingsleiar heimesjukepleie / heimehjelp, Stryn kommune
Stryn Kommune
Dragesetvegen 50, 6793 Innvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar heimesjukepleien/heimehjelp, Stryn kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Vi har ledig fast stilling som avdelingsleiar i avdeling for heimesjukepleie og heimehjelp i Stryn kommune.
Avdelingsleiar for heimesjukepleie og heimehjelp i kommunen vil være organisert under einingsleiar for pleie- og omsorgstenester ved Område Vikane. Avdelinga har to basar som er geografisk adskilt, ein i Vikane og ein i Stryn sentrum. Som avdelingsleiar må du veksle mellom å vere fysisk på dei to basane. Kvar av basane vil ha ein eigen teamansvarleg
Vi søker ein leiar som tenker utvikling, som ser mogelegheiter og løysingar, og som vil skape ein god kultur. Som ein del av vårt leiarteam får du mogelegheit til å vere med på å forme og vidareutvikle våre leiaroppgåver og arbeidsmiljø. Gode evner til samarbeid vil bli vektlagt.
Leiarerfaring frå tidlegare tel positivt. I jobben som avdelingsleiar vil du få mogelegheita til personleg og fagleg utvikling som leiar.
Hausten 2025 skal kommunen i gang med omstillingsprosjektet TØRN, og vi ser difor etter ein leiar som er nyskapande og engasjert, og som har evne til omstilling og som er interessert i å vere med på å utvikle tenesta. Vi søker ein lagspelar som vil vere med på å utvikle tenestene våre.
Vil du bli ein del av vårt team? Søk i dag!Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for tenestetilbodet
- Dagleg leiing og organisering av personalressursar
- Oppfølging av internkontroll
- Medverke til utvikling av avdelinga og tenestene
- Skape eit godt arbeidsmiljø og involvere personalet i endringsprosessar
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Det er fordel med leiarutdanning og leiarerfaring
- Relevant arbeidserfaring innan fagområdet
- Gode faglege og digitale ferdigheiter
- Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg, B2
- Gyldig politiattest må leverast før oppstart
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit vert vektlagt
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Engasjert, kreativ og løysingsorientert
- Gode organisatoriske evner
Vi tilbyr
- Variert arbeid i positivt miljø
- Tenester i utvikling
- Gode moglegheiter for leiarutvikling
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Mariann Hilde Yri, Einingsleiar pleie- og omsorgstenester Vikane, 48050247Arbeidsstad
Dragesetvegen 506793 Innvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5016691783
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Mariann Hilde Yri
Einingsleiar pleie- og omsorgstenester Vikane
48050247
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
151d0eea-c67d-436d-a78e-aac81f9ee628
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3be8b450ec3045e8b2555f3875cc91f6