Regionsleiar Vestland
Nordplan As Avd Nordfjord
Langebruvegen 9, 6804 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Vil du leie eit miljø innan bygg, plan og anlegg på Vestlandet? Nordplan er i stor vekst, med fleire nye prosjekt, kundar og flinke folk på laget. No treng vi deg som regionsleiar for å løfte både folka, kontora og kundane våre vidare. Regionen er dei tidlegare fylka Sogn og Fjordane og Hordaland.
Stillingstittel
Regionsleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som både har strategisk blikk og er tett på kvardagen. Du er tydeleg, løysingsorientert og evnar å skape engasjement rundt deg.
Du kommuniserer godt med både kollegaer og kundar, og du likar å bygge relasjonar som varer. Du trivst med personalansvar, samstundes som du bidreg fagleg i prosjekt. Vi ser etter deg som vil vidareutvikle Nordplan på Vestlandet, og som motiverast av å bygge lag, utvikle talent og vere eit synleg ansikt for selskapet i regionen. Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:
-
Du har høgare utdanning innan byggjeteknikk eller relaterte fagområde
-
Du har god marknads- og forretningsforståing, samt erfaring frå bransjen
-
Du kan vise til erfaring med prosjektleiing og administrasjon
-
Du har erfaring og interesse for leiing, og trivast godt med personalansvar
Arbeidsoppgaver
Som regionsleiar blir du ein nøkkelperson i Nordplan. Du vil leie og utvikle regionen i tett samarbeid med kollegaene dine, samtidig som du har ansvar for å sikre gode resultat. Region Vestland har kontor på Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Florø og Bergen. Det kan vere praktisk for stillinga med kontorstad i ein av byane Førde eller Florø, sidan Sunnfjord er det geografiske midtpunktet for regionen. Du vil ha følgande ansvarsområde:
-
Marknads- og kundeansvar: Du skal vere med å forme regionen si retning og satsingar vidare, og får handlingsrom til å ta avgjerder. Du er med å synleggjere Nordplan på møteplassar og i nettverk, du skal bidra til å styrke kunderelasjonar og posisjonere Nordplan som ein føretrekt samarbeidspartnar i regionen.
-
Prosjektansvar: Du leiar og følgjer opp prosjekt for kundane våre i regionen, frå planlegging til gjennomføring.
-
Drift og resultatansvar: Du har ansvar for at regionen leverer på både kvalitet og økonomi.
-
Utvikling av kontor og kollegaer: Du byggjer laget vidare gjennom rekruttering, oppfølging og utvikling av kollegaene dine, og du legg til rette for trivsel og fagleg vekst.
-
Leiaransvar: Du inngår i Nordplan si leiargruppe og får påverke selskapet sine prioriteringar og utvikling på nasjonalt nivå.
Vi tilbyr
-
Ei leiarstilling med stor påverkingskraft og moglegheit til å utvikle regionen vidare.
-
Moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling, spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke folk rundt deg.
-
Arbeidstid som gir rom for balanse mellom prosjektmål og privatliv.
-
Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med varierte og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om på prosjekt sida
-
Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.
-
Moglegheit for eigarskap i selskapet.
-
Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet ved sine respektive kontor.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side -- for vi meiner dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeidet og engasjementet som oppstår når flinke folk får spele kvarandre gode.
Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å skape varige løysningar, som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
14818191-80af-42de-9c8f-6d0b25e11655
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
14818191-80af-42de-9c8f-6d0b25e11655