Hopp til innhold

Vil du arbeide med hest, rideaktivitetar, barn og unge, i flotte omgivelsar på Rauland i Vinje?

Arbeidsgiver

Ridesenteret I Rauland As

Sted

Haddlandsvegen 19, 3864 Rauland

Om jobben

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Hestefaglært
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Send søknad til

gaa@synthesisinterim.no

Ridesenteret i Rauland går inn i ei ny epoke med Vinje Kommune som eigar. I planen heiter det; -Ridesenteret skal utviklast som ein varig og profesjonell institusjon med eit breitt samfunnsoppdrag. Verksemda skal gjennom bruk av hest og rideaktivitetar vere ein aktiv medspelar i arbeidet med livskvalitet, helse, kulturformidling og berekraftig lokalsamfunnsutvikling.-

Til å delta i denne spennande utviklinga søkjer vi ein medarbeidar som ønskjer å vere med på å utvikle og bygge opp eit framtidsretta tilbod i tråd med Vinje kommune sine planar for ridesenteret. Den rette kandidaten vil få moglegheit til å bidra aktivt i utviklinga av tenester innan hesteassisterte aktiviteter og generell tradisjonell rideundervisning

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring med hestehald, ridning og stalldrift

  • Trygg rundt hestar og opptekjen av dyrevelferd

  • Utdanning innan skule, helse og/eller ungdomsarbeid vil bli vektlagt

  • Erfaring med undervisning og arbeid med barn og unge er ein fordel

  • Erfaring med, eller særleg interesse for, arbeid med hest som arena for læring, meistring, inkludering og livskvalitet.

  • Ansvarsbevisst, strukturert, positiv og sjølvstendig

    Vi tilbyr:

  • Variert og aktiv arbeidsdag tett på hestane

  • Sosialt og inkluderande miljø

  • Mogelegheit for å påvirke utvikling og drift av senteret

  • Mogelegheit for personleg utvikling innan fagområda ridesenteret er tilknytt

  • 100% stilling

  • Konkurransedyktige betingelsar

Kontaktperson for stillingen

Gunnar Aarhus

48034505

gaa@synthesisinterim.no

Om bedriften

Ridesenteret i Rauland har ei 40-år lang historie. Vi har stått for viktige aktivitetar for barn, unge, innbuarar i Vinje og tilreisande. Samarbeidet med Rehabiliteringssenteret AiR ( Attføringssenteret i Rauland) har vore sentralt i utvikling og drift av senteret i alle desse åra.

Ridesenteret er lokalisert nær Rehabiliteringssenteret AiR i Rauland, i vakre omgivelsar med god uteplass for hestar og aktivitetar. Senteret har for tida 13 hestar og benyttar gode lokalitetar med stall, undervisningsrom tilknytt stor ridehall.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

132b0aa9-b703-404f-a0a7-cb6db72c5357

Sist endret

13. juni 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

132b0aa9-b703-404f-a0a7-cb6db72c5357

Lignende annonser

Laster lignende annonser