Fagleiar i heimetenestene
f.t. ved Open omsorg indre, Bremanger kommune
Granden 1, 6723 Svelgen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
I Bremanger kommune er det no ledig ei fast 100 % stilling som fagleiar i heimetenestene i Open omsorg indre (OOI).
Vi søkjer ein engasjert, sjølvstendig og serviceinnstilt medarbeidar med gode evner til kommunikasjon og samarbeid.
Som fagleiar får du eit tett samarbeid med driftssjef og andre leiarar i kommunen, og du får det daglege ansvaret for heimetenestene i den indre delen av Bremanger kommune. Ei sentral oppgåve blir å støtte og rettleie dei tilsette i kvardagen, slik at de i fellesskap kan yte gode og trygge tenester til brukarane og deira pårørande.
Fagleiaren har ei nøkkelrolle i å sikre kvalitet, tryggleik og god livskvalitet for brukarane våre.
OOI omfattar to soner – Davik og Svelgen – med oppmøtestad i Svelgen.
Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg ansvar for kvalitet og koordinering av tenestene
- Kontinuerleg kvalitetssikring og deltaking i utvikling av kvalitetsmål for driftseininga
- Delta i utarbeiding av turnusplanar
- Fremje tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper i kommunen
- Sikre kvaliteten i den direkte tenesteytinga
- Samarbeide med pårørande og andre helseaktørar
- Halde deg oppdatert på utvikling innan fagfeltet og bringe ny kunnskap inn i eininga
- Personal- og økonomioppgåver
Arbeidsoppgåvene kan verte endra over tid.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning er ønskeleg og vil bli vektlagt
- Gjerne erfaring frå administrasjon og leiing
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å motivere og inspirere medarbeidarar
- Gode datakunnskapar
- Løysingsorientert lagspelar som trivst med ansvar og utfordringar
- Arbeider sjølvstendig og har stor arbeidskapasitet
- Ryddig, fleksibel og serviceinnstilt
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til eit trygt, varmt og fagleg sterkt miljø i heimetenestene – og som finn motivasjon i å gjere kvardagen betre for andre.Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø
- Høve til å påverke utviklinga av heimetenestene i kommunen
- Tilrettelegging for fagleg utvikling gjennom kurs og rettleiing
- Støtte frå eit kompetent og inkluderande leiarteam
- Løn etter avtale og i samsvar med gjeldande tariffavtale
- Kommunen kan vere behjelpeleg med bustad og flytting ved behov
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Granden 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5026180789
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Hilde Gretha Hauge
Driftssjef open omsorg indre
+47 95989310
Om bedriften
Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?
Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.
Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet.
Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
12a3f8c4-25e0-4c69-97f3-009e2ab483e7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1dc97aa2d9b84297a420ea035c54f571