Sjukepleiar Sivdamheimen korttids- og rehabiliteringsavdelinga
Heimetenestene, Time kommune
Røyrvika 13, 4340 Bryne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleiar Sivdamheimen kortids- og rehabiliteringsavdelingen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. september
Spennande fast 100 % stilling som sjukepleiar ved Korttids- og rehabiliteringsavdelinga på Sivdamheimen. Stillinga er todelt med arbeid kvar tredje helg.
Sivdamheimen har to avdelingar. I første etasje er det demensavdeling med 21 plasser. I andre etasje ligg korttids- og rehabiliteringsavdelinga som har 23 plasser. Me har lindrande senger ved avdelinga og dyktige dedikerte medarbeidarar. Det er stor variasjon i pasientgruppa. Me mottek pasientar direkte frå sjukehuset for kartlegging og rehabilitering. Nokre kjem også direkte frå heimen. Det er høgt fagleg fokus og godt tverrfagleg samarbeid. Det er eigen tilsynslege ved avdelinga, samt dyktige og erfarne fysioterapeutar og ergoterapeutar som me samarbeider med dagleg. Me har også tett samarbeid med klinisk ernæringsfysiolog. Avdelinga har ein fagansvarleg sjukepleiar.
Avdelinga ligg sentralt til på Bryne med gåavstand til/fra togstasjonen.
Arbeidsoppgåver
Pasientansvarleg sjukepleiarTverrfagleg planlegging av pasientforløp
Samhandling med spesialisthelsetenesta
Samarbeid med andre tenester innan kommunehelsetenesta
Sjukepleiefaglege oppgåver
Kommunikasjon med - og oppfølging av pårørande
Rettleiing av studentar
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjent sjukepleiarDet er ønskeleg at søker har relevant vidareutdanning, for eksempel innan gerontologi, akuttmedisinsk sjukepleie eller kronisk alvorleg sjuke/primærhelsetenesta.
Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid.
Den som vert tilsett må beherska norsk skriftleg og munnleg. For søkarar med anna morsmål enn norsk må språknivå på minimum B2 dokumenterast.
Den som vert tilsett må kunna nytta IKT-verktøy
Personlege eigenskapar
Du må kunna kommunisera godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
Du må vera løysingsorientert og kunna handtera raske endringar i ei hektisk avdeling
Du må vera oppteken av å skapa gode og heilheitlege pasientforløp
Du må vera ein god bidragsytar til arbeidsmiljøet
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og fagleg dyktige kollegaer
Opplæring og fokus på fagutvikling
Varierte og spennande arbeidsoppgåver
Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Gode stipendordningar om du tenker på vidareutdanning
Bedriftsidrettslag og bedriftskunstforening
Under i linken kan du sjå filmen fra vår virksomhet:
https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
Kontaktinformasjon
Anlaug Øie, Avdelingsleiar, 47628866, anlaug.oie@time.kommune.noArbeidsstad
Røyrvika 134340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5006904766
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
128cc500-8198-4026-a4f9-d7f304343a0f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c18562f17cc74c6e9e0fcad272b23e97