Vil du vere med planteamet til Utvikling i sommar?
Etne kommune Utvikling
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. mars
Me er på leit etter inspirasjon og engasjement i arbeidet med utvikling av kommunen vår. Me har særskilt ei prosjektoppgåve knytt til områdeplan i Skånevik, men me har også fleire andre interessante oppgåver knytt til samfunnsutvikling.
Me på eining Utvikling ynskjer å gi deg som student sjansen til å få erfaring med kommunal forvaltning, samtidig som du får ansvar for konkrete arbeidsoppgåver. Hjå oss vil du få ein spanande sommarjobb, og vere ein del av planteamet med planfagleg kompetanse på masternivå.
Hugs å få med kva tid du ynskjer å jobbe i sommar, og kor lenge. Me er fleksible, og kan tilpasse ein sommarjobb på 4 til 8 veker.
Arbeidsoppgåver
- Skånevik er det starta opp eit arbeid med ny kommunal områdeplan for sentrumsområdet. Relevant prosjektoppgåve kan vere å utarbeide ein oppdatert stadanalyse for sentrumsområdet Skånevik.
- Andre oppgåver eller tema relevant for samfunnsutvikling og/eller bidra inn mot arbeidet med å auke attraktivitet og bulyst i kommunen.
Kvalifikasjonar
- Du må ha påbegynt høgare utdanning innan bygg, plan, arkitektur og/eller design, eller tilsvarande studieløp med arkitektur- og/eller byggfaglege emne.
- Erfaring med geografiske informasjonssystem (GIS) og illustrasjonsprogramvare er ein fordel.
- Du må ha gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg. Det skriftlege språket skal vere på nynorsk.
Eigenskapar
- Du er engasjert i samfunnsutvikling.
- Du kan arbeide i team og sjølvstendig.
- Du har gode framstillingsevner og er løysingsorientert.
Me tilbyr
Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
Annan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2886228
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3476849_214827_nn