Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
13
Søk på jobben
Søk senest torsdag 9. oktober
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling - Post 1, Post 3, Urologisk avdeling post 2, Kirurgisk mottak/dageining
- Augeavdelinga, Poliklinikk og operasjon dagkirurgi
- Nevroklinikken, Spinaleininga
- Kirurgisk serviceklinikk, Postoperativ Glasblokkene
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Gastrokirurgisk avdeling, post 1 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 40 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.
Kontakt: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700 eller Anette Haatuft Haugland, Tlf. 55973408.
Gastrokirurgisk avdeling, post 3 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 20 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i
heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god
på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får
du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på
fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Vi har 3-delt turnus med moglegheit for langvakter.
Kontakt: Marianne Titland Sørensen Tlf. 55973599.
Urologisk avdeling post 2 er ein sengepost med pasientar frå både urologi og endokrin-kirurgiske fagfelt. Våre pasientar er hovudsakleg kreftpasientar. Vi behandlar også benigne diagnosar som treng kirurgisk behandling i tillegg til akutte innleggingar. Hos oss vil du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med pre- og postoperative forløp. Smertelindring, palliasjon og heilskapleg sjukepleie er også ein stor del av vår kvardag. Vi har 3-delt turnus med moglegheit for langvakter frå mars 2026.
Kontakt: Jorunn Bjørnsdottir, Tlf 55970011 eller Thea Amalie Sagstad Nestaas Tlf. 55970011.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Kirurgisk mottak/dageining har ledig ein 100% fast stilling som sjukepleiar. Dette er ein avdeling med kun dagstillingar. Vi er 11 sjukepleiarar, og ein sekretær. Vi tar i mot dei pasientane i kirurgisk klinikk som skal til planlagde operasjonar. Her får pasientane snakke med LIS 1, anestesilege, kirurg, sjukepleiar og evt. fysioterapeut. Din oppgåve som sjukepleiar blir å koordinere desse samtalane, og se til at pasienten får gjort alle undersøkingar som skal gjerast. Du har ansvar for å informere pasienten om dei preoperative førebuingane og korleis det postoperative forløpet er. Vi har og ein dageining, kor pasientar som skal til biopsiar, pyelostomikateter- skift og andre prosedyrar, førebuast og observerast i etterkant av prosedyrar.
Kontakt: Mona Berntsen Kvam, Tlf. 55970017.
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har stor breidde i vår verksemd og tilbyr både medisinsk og kirurgisk behandling, i tillegg til øyeblikkelig hjelp til pasientar med augelidingar. Til Augebygget kjem pasientar for utgreiing, undersøkingar og dagbehandling. Augeavdelinga greier ut og behandlar augelidingar hos barn og vaksne. Avdelinga har fleirregional behandlingsteneste innan behandling av kreft i auget. Avdelinga har stor breidde i si verksemd; både medisinsk og kirurgisk behandling. Arbeidstid på dagtid. Du må vere villig til å bidra ved hele augeavdelinga.
Kontakt: Sindre Skeistrand Arnestad, Tlf. 47686961.
Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette.
Kontakt: Hege Storlid, Tlf. 93051019.
Postoperativ Glasblokkene er ein del av kirurgisk serviceklinikk (KSK), som er ein av dei større klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus. KSK har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, og dessutan smertebehandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet. KSK er delt i sju avdelingar, der ei av avdelingane er intensive- og postoperativ avdeling (IPA) med fire seksjonar. Kvar seksjon er leia av ein seksjons leiar med personal- og resultatansvar.
Vi er ein seksjon med fag- og overvakingskompetanse innanfor gynekologi, obstetrikk, barnekirurgi, endokrinologi og augeoperasjonar. Vi er lokaliserte over 2 etasjar i Glasblokkene. I tillegg har vi ein satellitt med driftsansvar for postoperativ overvaking i augebygget. Det er etablert Kirurgisk Mottak i avdelinga, der vi tar i mot dei fleste vaksne pasientane som skal til heildøgns kirurgi, og dessutan dagkirurgiske pasientforløp.
Kontakt: Svanhild Sangolt Foldnes, Tlf. 93260809.
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktinformasjon, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5018222404
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktinformasjon
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
11c451f0-0bb4-49b4-9e1f-fb99b947366c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e85ba45e0ace46dd83fd0400a0aeb139