Økonomirådgjevar i Vik kommune - 4. gangs utlysing
Vik Kommune Sentraladministrasjon
Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Økonomisk rådgiver
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
100 % fast stilling som økonomirådgjevar frå snarast.
Arbeidsoppgåver
-
Fakturering, handsaming av inngåande faktura og innbetaling.
-
Handsaming av meirverdiavgift, både kompensasjon og frådrag.
-
Sakshandsaming innafor fagområda økonomi.
-
Eigedomsskatt.
-
Oppfølging og rekneskapsføring i samband med sal av konsesjonskraft.
-
Økonomiplan, budsjett, rekneskap og årsbudsjettering.
-
Løpande økonomistøtte og rapportering.
-
Finansforvaltning.
Kvalifikasjonskrav
-
Økonomiutdanning frå høgskule eller universitet. Erfaring frå økonomiarbeid kan kompensera for utdanning.
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Tenestemålet er nynorsk.
Kjennskap til offentleg forvaltning er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein person som har:
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
-
Positiv innstilling.
-
Evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk.
-
Gode datakunnskapar og systemforståing.
-
Sans for utvikling og er initiativrik og strukturert.
-
Ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr
-
Godt arbeidsmiljø.
-
Fleksibel arbeidstid.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår etter kommunalt avtaleverk. Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal stå på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Me gjer merksam på at opplysningane kan bli offentleggjort sjølv om du ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Me vil i tilfelle varsla deg på førehand. Jamfør offentleglova §25.
Om bedriften
Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2736273
- Sist endret
30. september 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
11b4e43f-6ccd-40d1-8470-46591ee59f44