Hopp til innhold

Etterforskar

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Etterforskar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. desember

Om stillinga

Etterforsking av profittmotivert kriminalitet er viktig for å sikre at samfunnsverdiar ikkje går tapt. Mange former for kriminalitet blir utøvd for å tjene pengar til skade for andre. Vil du vere med og bidra inn i dette viktige og spennande arbeidet, så er tida for å søkje nettopp no!

Vi har ledig ei fast stilling og eit vikariat tom. 31. desember 2027 som etterforskar ved seksjon for spesiell etterforsking (SSE) ved Felles eining for etterforsking, førebygging og etterretning (FEFE) i Ålesund. Stillingane er plassert ved avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet og etterforskar alvorleg økonomisk kriminalitet, alvorleg miljøkriminalitet og menneskehandel. 

Avsnittet samhandlar tett med fagmiljø som jobbar med digital kriminalitet og organisert kriminalitet, i tillegg til å etterforske dei mest alvorlege sakene innan konkurs, bedrageri, brot på spesiallovgiving og saker som krev eit høgt fokus på inndraging og sikring av verdiar uavhengig av kva for eit straffebud som er brote.

Vi treng motiverte og engasjerte medarbeidarar til å ta del i etterforskingar som krev nysgjerrigheit, analytiske evner og tolmod. Avsnittet har eit godt arbeidsmiljø med både politifagleg og sivilfagleg kompetanse. Det er fokus på utvikling av metodar som kan gjere arbeidet meir effektivt. Ein arbeider med krevjande og komplekse straffesaker og du vil jobbe mykje prosjektbasert og bidra inn i alle fasar av etterforskinga, førebyggande og etterretning. Noko av arbeidstida vil gå til å drive intern opplæring hos andre i politidistriktet. 


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er interessert i etterforskingsfeltet. Du har også høg arbeidskapasitet, er nysgjerrig og ikkje minst tolmodig. Du trivst med å utvikle fag, metodar, er sjølvstendig og har etisk integritet. Du treng ikkje vere ferdig utlært, vi skal sørgje for at du får nødvendig opplæring og støtte i arbeidet ditt!

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø prega av mestring og utvikling.


Arbeidsoppgåver

  • etterforsking av straffesaker som høyrer inn under avsnittet
  • bidra til å utarbeide etterretningsprodukt innanfor fagområdet
  • drive intern opplæring og kompetansebygging hos medarbeidarar i heile politidistriktet innanfor fagområdet
  • delta i andre oppgåver i eininga
  • kan delta i krimvaktsordning med arbeid på dagtid kvar 6. helg i politidistriktet

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått politi(høg)skule
  • god munnleg og skriftleg på norsk 
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring med etterforsking
  • generell vidareutdanning innan etterforsking (VEF) eller ein plan om å gjennomføre studiet
  • anna relevant utdanning/vidareutdanning, til dømes innan økonomi 
  • relevant erfaring med prosjekt- og teamarbeid

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner 
  • Du er systematisk og analytisk
  • Du kan jobbe sjølvgåande

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei utviklande stilling gjennom varierte oppgåver og tidleg ansvar
  • for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter. 
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 730 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 46 675 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
  • endringar i stillingstitlar og stillingskodar må reknast med som følgje av innføringa av nytt gradssystem i 2027
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar, les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. 

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Linn Breivik Erstad

Driftseiningsleiar

+47 92 81 37 29

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

10d9ac0c-fd05-4468-ba8e-fd5def16d1e0

Sist endret

26. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10317389

Lignende annonser

Laster lignende annonser