Hopp til innhold

Overlege i geriatri ved Seksjon for geriatri

Arbeidsgiver

Medisinsk klinikk/ Seksjon for geriatri, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Overlege i geriatri ved Seksjon for geriatri
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 6. november

Medisinsk klinikk, Haukeland universitetssjukehus har ledig to faste 100% stillingar for overlege i geriatri ved seksjon for Geriatri. Vi oppfordrar med dette aktuelle kandidatar til å søke. Oppstart 1. mars 2027, eller etter avtale.
 
Geriatrisk seksjon vart etablert i september 2025. Vi har 8 akuttgeriatriske senger på sengepost for akuttgeriatri og infeksjon, eit ortogeriatrisk tilbod (50% OVL) på Seksjon for Hoftebrot, tilsynsteneste på sjukehuset, telefonisk rådgivingsteneste for eksterne og poliklinisk aktivitet i utvikling. Vi bidreg til fagleg utvikling i heile organisasjonen og til undervisning internt og på tilhøyrande utdanningsinstitutasjonar. Vi har ei viktig rolle i utviklinga av den moderne helsetenesten tilpassa den eldre pasient, og helsetenesteutvikling på tvers av klinikkar er ein viktig del av vår aktivitet.  Vi arbeider også med å etablere eigne forskningsprosjekt, med hovedvekt på tverrfagleg forskning som omhandlar riktig behandlingsnivå og optimal, heilheitleg behandling av eldre pasientar som skal gjennom avansert behandling.  
 
Medisinsk klinikk har også einingar for infeksjonssjukdommar, blodsjukdommar, nyresjukdommar, hormonsjukdommar og fordøyingssjukdommar.
 
Vi søker deg som ønskjer å delta i vidareutviklinga av det geriatriske tilbodet på Haukeland Universitetssjukehus. Vi vil ha deg som er fagleg interessert, som set pris på utvikling og endring og som trivast med å ta på deg ansvar og å ta initiativ i arbeidet. Vi vil ha deg som også ønskjer å formidle og drive fagutvikling. Vi verdsett også høgt interesse for og erfaring med forskning.
 
Det overordna målet til geriatrisk seksjon er bidra til heilheitleg, persontilpassa behandling av eldre pasientar med hovedfokus på å gjenopprette og behalde funksjon.
 
Dette er ei unik moglegheit til å arbeide ved eit av landets fremste universitetssjukehus, med stor fagleg breidde, høg forskingsaktivitet og eit sterkt tverrfagleg miljø. 

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i Medisinsk klinikk og Geriatrisk seksjon sine ulike aktivitetar
  • Delta i Geriatrisk seksjon si bakvaktsordning
  • Delta i rettleiing og undervisning for legar i spesialisering, andre faggrupper og legestudentar
  • Delta i kvalitetsforbetringsarbeid og forsking
  • Delta i vidareutviklinga av seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i geriatri eller under spesialisering i geriatri
  • Erfaring frå sjukehus og/eller tverrfagleg geriatrisk arbeid
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt

Personlege eigenskapar

  • Interesse for fagutvikling, interdisiplinært samarbeid, kvalitetsutvikling og helsetenesteutvikling
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å og ønskje om å jobbe tett med andre faggrupper (tverrfagleg arbeid)
  • Fagleg engasjert og opptatt av kvalitet i pasientbehandling
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide fleksibelt, strukturert og målretta
  • Interesse for og/eller erfaring med forskning og forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ein spennande moglegheit til å forme og vidareutvikle ein ny seksjon
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Fast stilling og lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Alme Katinka Nordheim, Seksjonsleder/Overlege, 41519875, katinka.nordheim.alme@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5194478736
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Alme Katinka Nordheim

Seksjonsleder/Overlege

41519875

katinka.nordheim.alme@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0fd17d91-b886-4916-b2b9-f324de6b8c94

Sist endret

15. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

46efb9599a6f4cdea08eb061459ad2d9

Lignende annonser

Laster lignende annonser