Miljøterapeut/kognitiv terapeut
Sogndal kommune Psykisk helse og rus
6856 Sogndal
Om jobben
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Me har ledig ei 100% prosjektstilling i Rask psykisk helsehjelp (RPH) i Sogndal kommune. Stillinga går over eitt år, med moglegheit for fast tilsetting. Du vil få hovudansvar for å utvikle teamet sitt arbeid med rus og avhengigheit.
RPH er eit lågterskel kommunalt behandlingstilbod for ungdom og vaksne over 16 år. Her gir me tidleg hjelp til personar med milde til moderate angst- og depresjonsplagar, søvnvanskar og/eller begynnande rusproblematikk. Tilbodet byggjer på kognitiv åtferdsterapi, og omfattar både kurs, grupper, individuell samtaleterapi og rettleiing i sjølvhjelpsmateriell.
Alle tilsette i Rask psykisk helsehjelp skal delta på vidareutdanning i kognitiv terapi basert på modellen for Rask psykisk helsehjelp. Vidareutdanninga startar februar 2026 og det er ein føresetnad at søkarar kan starte på denne. Kognitiv foreining stiller krav om treårig høgskule-/eller universitetsutdanning innan helse- og sosialfag for opptak til utdanninga.
Ein må rekne med noko reiseaktivitet både i samband med utdanning og arbeid.
Hovudoppgåver:
· Være med å halde kurs- og gruppetilbod
· Terapeutisk arbeid, derav individuelle samtalar og rettleia sjølvhjelp
· Kartlegging og vurdering i individuelle brukarsaker
Kvalifikasjonar:
· 3-årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning
· Erfaring frå terapeutisk arbeid innan psykisk helse og rus
· Vidareutdanning innan kognitiv terapi eller rusarbeid vil være eit føremonn
· Ynskjeleg med erfaring frå helsefremmande og førebyggjande arbeid innan psykisk helse
· Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, minimum nivå B2.
Personlege eigeskaper:
· Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
· God digital kompetanse
· Nytenkande, fleksibel og løysingsorientert
· Trivest med utviklings- og forbetringsoppgåver
· Arbeider strukturert og målretta
· Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, og dele kunnskap og erfaring.
· Stor arbeidskapasitet og evner å prioritere arbeidsmengde
· Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
· Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging
· Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar
· Eit godt arbeidsmiljø
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar
· Lønn etter tariffavtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0f86c479-15f6-4e6b-a34c-b97d01dc0ebb
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3542803_205487_nn