Helsefagarbeidere og pleieassistentar ved Manger omsorg pluss
Alver kommune
Idrettsvegen 2, 5936 Manger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider og pleieassistenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Om stillinga
Me har ledig 100 % faste stillinger som helsefagarbeidar og pleieassistentar ved Manger Omsorg pluss, med todelt turnus. Stillinga har arbeid kvar 3. helg, eller mulighet for langvakter både i vekedagene og på kvar 4.helg
Manger omsorg pluss og Velferdssenter Radøy
Me er ein av seks sjukeheimar i Alver Kommune, og ligg 2 mil frå Knarvik. Manger omsorg pluss har 21 leiligheter derav 5 av leilighetene brukes til avlastningsplasser.
Sjukeheimen har plass til 38 pasientar. Sjukeheimen er inndelt i fire grupper, der to av dei er tilpassa for personar med demens. Vi har ei korttidsgruppe med plass til sju pasientar. Den største gruppa har plass til 17 pasientar som er somatisk sjuk.
Som helsefagarbeidar og pleieassistent hos oss vert du ein del av eit godt fagmiljø der vi har fokus på «kva er viktig for deg». Du vil få kollegaer med glimt i auge, og ein arbeidskvardag der latteren ofte sit laust.
Me har deltatt i TØRN-prosjekt på vegne av Alver kommune. Her har me jobba med oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning, og byggjer vidare på dette arbeidet i kvardagen.
Er du klar for ein jobb der du gjer ein forskjell i kvardagen til andre? Me har no ledige stillingar som helsefagarbeidar og pleieassistent. Me håpar at akkurat DU vil bli ein del av teamet vårt. Hos oss får du høve til å vere med og påverke arbeidskvardagen din, og me set pris på ditt engasjement og faglege bidrag.
Er du vår nye kollega?
Arbeidsoppgåver
- Gje pleie og omsorg til våre pasientar i tråd med deira behov
- Bidra til å skape ein trygg og god kvardag for dei eldre Bidra til eit trygt, godt og inkluderande miljø
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre faggruppar
- Utføre helsefremjande og førebyggjande arbeid
- Dokumentasjon jfr helsepersonelloven
- Medikamenthandtering
Kven er du?
Me ønskjer oss ein ansatt som har:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Søkarar med erfaring frå eldreomsorg vil bli prioritert
- Gode kommunikasjonsevnar, både muntleg og skriftleg
- Er fleksibel, løysingsorientert og klar for å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Har fagleg fokus og deler sin kompetanse med kolleger og studenter
- Ønsker å være ein viktig del av eit team der du blir verdsett for den jobben du gjer
- Har eit stort hjarte for mennesker og ser verdien i å gje våre eldre ein trygg og god kvardag
- Du er trygg i møte med brukarar og pårørande, slik at du stoler på eigne vurderingar og er ein god medspelar i teamet.
- Evne til å arbeida sjølvstendig og i team
- Positiv og omsorgsfull med eit genuint engasjement for eldreomsorg og evne til å skape gode relasjonar
Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Me tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Årsturnus
- Varierte arbeidsoppgåver
- Fokus på medverknad og utvikling
- Tilsetjing i samsvar med lov og avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
- Gratis parkering ved arbeidsplass
Om Alver Kommune
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om sjukeheimstenesta i Alver kommune
Sjukeheimstenesta i Alver består av 6 sjukeheimar: Velferdsenteret, Lindås bu og servicesenter, Såta bu- og Servicesenter, Meland Sjukeheim, Knarvik Sjukeheim, Helsehuset, og frå hausten 2025 overtok me ansvaret for omsorgsbustad pluss på Manger og Ostereidet. Sjukeheimstenesta har totalt 205 sjukeheimsplassar fordelte på langtid, korttid, rehabilitering og plassar til rulleranda avlasting.
Me har 49 omsorgsbustader pluss , der 5 av bustadene på Manger blir brukt til avlasting.
Me har eigne legar som er tilsett i sjukeheimstenesta. I tillegg er også kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0f7f607c-2394-42a1-b0a7-593bf96d0a90
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264926