Ønskjer du å jobbe med misjon blant barn, unge og vaksne i Møre?
Det Norske Misjonsselskap Avd Region Møre
Kongensgate 3, 6002 Ålesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Organisasjonskonsulent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 90%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
To faste deltidsstillingar er ledige - éi i NMS og éi i NMSU. Du kan søkje på ei kombinert stilling (90 %) eller på ei av dei to deltidsstillingane. Dersom du vel den siste løysinga, er det viktig at du skriv kva for ei stilling du søkjer på.
Misjonskonsulent (50%) i Region Møre - NMS
Er du engasjert, omgjengeleg og brenn for misjon?Bli med på laget i Det Norske Misjonsselskap (NMS) og ver med på å gjere ein forskjell! Vi søkjer ein dyktig misjonskonsulent til 50% stilling i vår region Møre, som omfattar Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.
Om stillinga:Som misjonskonsulent i Region Møre vil du ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, engasjere og følgje opp frivillige. Du vil samarbeide tett med tilsette i NMS, NMSU, NMS Gjenbruk og Kjeldsund leirstad for å legge til rette for både nye og eksisterande misjonsfellesskap og eit levande og vitalt frivillighetsarbeid i regionen. Arbeidet ditt vil bidra til å gjere misjonsarbeidet meir synleg og engasjerande i regionen, og du vil vere med på å formidle viktige misjonsbodskap til ulike målgrupper.
Arbeidsoppgåver:**Rekruttering og oppfølging:**Rekruttere, kurse og følgje opp frivillige og frivillighetsteam som ynskjer å bidra til misjonsarbeidet.
Tilrettelegging av fellesskap: Støtte eksisterande misjonsforeiningar og leggje til rette for nye småfellesskap (misjonsforeiningar).
**Formidling:**Forkynne og formidle misjonsinformasjon på ulike arenaer, og bidra til å synleggjere NMS sitt arbeid.
Barne- og ungdomskonsulent (40 %) i NMSU:
Vil du jobbe for visjonen <<Unge disiplar i heile verda>>? Trivst du med å byggje relasjonar og gode fellesskap, samarbeide og formidle? Vil du bruke talenta dine til å engasjere barn og unge til å dele tru, tid, ting og talent?
NMSU søkjer deg som synest det er spennande og meiningsfylt å sjå, samle og styrkje ungdom og frivillige. Du opplever meining i å inspirere både unge og eldre gjennom formidling og relasjonar. Vi ser etter ein engasjert, kontaktskapande og strukturert person som vil vere med og skape aktivitet for barn, unge og familiar i regionen saman med frivillige og Den norske kyrkja.
Vi tilbyr ein variert jobb med oppfølging av eksisterande aktivitetar og rom for å skape nye. Du får i stor grad styre eigen arbeidskvardag.
Hovudarbeidsoppgåver:-
Utvikle og følgje opp samarbeid med Møre bispedøme og kyrkjelydar i Den norske kyrkja
-
Etablere followme-nettverk i Møre for å bidra til å sjå, samle og styrkje ungdomsleiarar og dei som jobbar med ungdomsarbeid i kyrkjelydane i regionen
-
Formidle tru og misjon i møte med barn og ungdom
-
Oppfølging av frivillige og byggje frivillige team
-
Relevant utdanning og erfaring med leiing av frivillige, samt å arbeide med barn og unge
-
Misjonsengasjement, stor relasjonell kapasitet og god formidlingsevne.
-
Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert.
-
God kjennskap til kyrkje- og organisasjonsliv, spesielt innan Dnk, NMSU og NMS
-
Erfaring med administrative oppgåver og bruk av dataverktøy.
-
Ein spennande og variert arbeidskvardag i internasjonale organisasjonar.
-
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
-
Moglegheit for heimekontor etter avtale.
-
Løn etter NMS og NMSU sitt regulativ.
-
Søkjaren må disponere bil, då reising i regionen er ein naturleg del av stillinga.
-
Søkarar må vere personleg eigna for stillingane.
-
Du må kunne identifisere deg med NMS og NMSU sine grunnsyn.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om NMS:
Det Norske Misjonsselskap (NMS) er ein av Norges største misjonsorganisasjonar, og vi samarbeider tett med Den norske kyrkja. I NMS er målet vårt å skape eit verdig liv og eit varig håp ved å dele tru, utrydde fattigdom og bekjempe urettferd. I NMS blir du ein del av eit verdsomspennande fellesskap.
**Om NMSU:**NMSU er ein barne- og ungdomsorganisasjon som består av lokallag og enkeltmedlemmar. Vi har vår forankring i Den norske kyrkja og ønskjer å vere ein naturleg samarbeidspartnar for kyrkjelydar som ønskjer at barn og unge skal få eit lokalt og globalt misjonsengasjement. Gjennom arbeidet vårt vil vi engasjere barn og unge til å dele tru, tid, ting og talent.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0f7068af-30fe-409b-a022-e28774f97dd7
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0f7068af-30fe-409b-a022-e28774f97dd7