ID 2378 Helsefagarbeidar avdeling Gullskar - Stord sjukeheim
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
fagarbeider, helsefag
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Eining for institusjon har to bygg, Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar i tillegg til dagtilbod og Knutsaåsen omsorgssenter 46 plassar fordelt på 2 avdelingar.
Som helsefagarbeidar i avdelinga vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tett opp mot andre faginstansar. Avd. Gullskar er ei avdeling med plassar for pasientar med utfordringar knytt til demenssjukdom. Avdelinga har fokus på personsentrert omsorg og miljøterapautiske tiltak i arbeidet. Ved institusjonane arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonane no i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane. Stord kommune er ein TØRN kommune der me saman jobbe med å finne gode løysingar for framtidas helsetenester. Du som helsefagarbeidar vil få ei viktig rolle inn i dette arbeidet.
Ved Stord sjukeheim er det ledig fast 100% stilling for autorisert helsefagarbeidar.
Stillinga er i turnus enten 2 delt turnus dag/kveld og 3. kvar helg eller langvaktsturnus med 13,5 timars vakter og kvar 4. helg. Stillinga er ledig frå snarast.
Arbeids- og ansvarsområde:I denne stillinga vil di ta del i og ha ansvar for:
-
samhandling og tverrfagleg samarbeid
-
målretta miljøarbeid
-
tilrettelegging for kvardagsmeistring
-
tiltak, evaluering og dokumentering
-
å styrka fokus på autonomi og ivaretaking av grunnleggande rettighetar for pasientane
-
palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
-
legemiddelhandtering, (må gjennomgå opplæring, kurs og passeringstest for å delta i dette)
-
fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
-
å vera med i ei aktiv faggruppe som driv avdelinga framover saman med andre faginstansar.
-
Autorisert helsefagarbeidar.
-
Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre
-
Relevant fagskuleutdanning vil vere ein fordel.
-
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
-
Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson:
Trine Lise Netland Ljostveit avdelingsleiar for avd. Gullskar og faste vikarar mob. 90943754, Trine.Lise.Netland.Ljostveit@stord.kommune.no
Britt Nelly Hystad Barane einingsleiar for institusjon mob 92486358, Britt.Nelly.Hystad.Barane@stord.kommune.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0f6dad26-9bf1-49ad-ab50-46ac88bfbaa5
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
0f6dad26-9bf1-49ad-ab50-46ac88bfbaa5