Førsteamanuensis/ førstelektor i norsk/norskdidaktikk
Nord universitet
Nesna lærerhøgskole 2, 8700 Nesna, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Førsteamanuensis/ førstelektor i norsk/norskdidaktikk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Om stillinga
Ved Nord universitet, Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, er det ledig 1-2 faste stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor i norsk/norskdidaktikk.
Stillingane er i hovudsak lagt til Nesna. Undervisning og rettleiing kan og leggjast til andre studiestader ved Nord universitet. Det kan i spesielle tilhøve avtales anna arbeidsstad for en periode, men likevel slik at den ansatte bidrar aktivt inn i fagmiljøet på Nesna.
Fagmiljøet ved Nord universitet er fordelt på fleire studiestadar, så samarbeid mellom vitskapleg tilsette ved fakultetet er viktig, utan omsyn til geografisk plassering.
Dei som blir tilsett, vil bli inkludert i eit forskingsfellesskap, alt etter fagleg interesse. Om det på grunn av manglande søkjartilfang, eller av andre grunnar ikkje let seg gjere å tilsetje i stilling som førsteamanuensis/førstelektor, kan det bli aktuelt å tilsetje i stilling som universitetslektor. Det er forventa at den som blir tilsett som universitetslektor, kvalifiserer seg til førstestilling etter avtale med dekanen.
Stillingane kan også innebere arbeidsoppgåver ved Nord universitet sine andre studiestadar.
Arbeidsoppgåver
- Stillingane er i hovudsak tillagt undervisning, praksisoppfølging, rettleiing av til dømes bacheloroppgåver på barnehagelærarutdanninga, FoU-oppgåver eller masteroppgåver på grunnskulelærarutdanninga
- Stillingane kan bli knytt til undervisning på bachelor- og masternivå i norskfaglege emne både innan språk- og litteraturdidaktikk. Det kan og vere aktuelt med samarbeid knytt til eksterne prosjekt.
- Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forsking og utviklingsarbeid er sentrale ved fakultetet. Det er difor viktig at dei som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.
- Det ventast at den/dei som blir tilsett, bidreg i utviklinga av fagmiljøet i norsk ved fakultetet, saman med kollegaer.
Kvalifikasjonskrav
Tilsetjing som Førsteamanuensis:- For tilsetjing som førsteamanuensis krevst doktorgrad innan relevant fagområde, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert anten ved vitskapleg arbeid eller kunstnarisk arbeid av same omfang og kvalitet
- Utdanningsfagleg kompetanse
- Norskkunnskapar på nivå B2
- For tilsetjing som førstelektor krevst høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde
- Utdanningsfagleg kompetanse
- Norskkunnskapar på nivå B2
- Relevant yrkes- eller undervisningserfaring
- Bidrag til fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå, i samsvar med internasjonale eller nasjonale standardar innan fagområdet/yrkesfeltet
- For tilsetjing som universitetslektor krevst høgare grads eksamen eller tilsvarande innan relevant fagområde
- Utdanningsfagleg kompetanse
- Norskkunnskapar på nivå B2
- Relevant yrkes- eller undervisningserfaring
Sams for alle:
Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere relevant utdanningsfagleg kompetanse, må skaffe seg denne kompetansen i løpet av ein toårsperiode. Nord universitet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk som dekkjer dette kravet.
Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:
- Forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga
- Publikasjonar dei siste fem åra
- Erfaring med internasjonale forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
- Erfaring frå undervising og rettleiing på bachelor- og masternivå frå universitets- og høgskolesektoren
- Pedagogiske kvalifikasjonar
- Relevant yrkespraksis
- God evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
- Personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
Stillingane blir løna etter Statens regulativ, kode 1011 for førsteamanuensis, kode 1198 for førstelektor og kode 1009 for universitetslektor. Løn etter avtale. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
- God låne-, forsikrings-, og pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass i stadig utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Aktivt bedriftsidrettslag
Generell informasjon
Dei som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvar og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søkje.
Opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.
Kontakt
Nærare opplysing om stillingane får ein ved å ta kontakt med:
- Faggruppeleiar May Line R. Tverbakk, e-post: may.l.tverbakk@nord.no tlf. 75 51 77 38
- Seksjonskoordinator, Nesna, Kathrine Fosshei, e-post: kathrine.fosshei@nord.no, tlf. 75 05 78 71
- Seksjonskoordinator, Levanger, Snorre Johansen, e-post: snorre.johansen@nord.no, tlf. 74 02 26 85
Søknadsprosessen
Søkjarar vil bli vurderte av ein sakkunnig vurderingskomite. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.
Søknad
Søknad sendast elektronisk innan 26.10.2025.
Den elektroniske søknaden skal innehalde:- Søknadsbrev
- Fullstendig curriculum vitae
- Kopi av vitnemål og attestar
- Fullstendige kopiar av eit utval på Inntil 10 av søkjaren sine mest relevante publikasjonar, og ei liste over desse. Vi bed søkjarane prioritere dei 5 viktigaste arbeida sine, og kommentere prioriteringa. Doktorgradsavhandling skal leggjast ved som eitt av disse arbeida.
- Utdanningsfaglig CV og refleksjonsnotat ihht utfyllande bestemmelsar for utdanningsfaglig kompetanse
- Dokumentasjon på annan aktivitet som vurderast som relevant for stillinga, og som er ønskt teken med i vurderinga
- Kontaktinformasjon til 2-3 referansepersonar
Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.
Ref.nr. 30071116Om bedriften
Gjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skape ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering.
I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjer våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysningar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.
Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.
Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag utdannar framtidas lærarar frå barnehage til vidaregåande skole og innan idrett og estetiske fag.
Les meir: www.nord.no/flu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0f501d87-0a19-44f2-8f37-f5575ce17d8d
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264900