Er du lærar?
Voss herad Voss ungdomsskule
Olavsvegen 5, 5700 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Voss ungdomskule søkjer 100 % lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Voss ungdomsskule er ein 8. - 10. skule med omlag 560 elevar og 90 tilsette. Skulen ligg sentralt på Vossevangen, nær idrettsplassen og Vossabadet. Våre elevar skal oppleve eit inkluderande skulemiljø, der dei kan utvikla sine talent og interesser i samband med andre elevar.
Det er ledig inntil 150% fast undervisningsstilling, tiltreding snarast råd.
- Undervisning
- Kontaktlæraransvar må påreknast
- Ta del i utviklingsarbeidet ved skulen
- Høgare utdanning GLU 5-10/GLU 1-7
- Lærar med PPU og undervisningskompetanse primært innan naturfag og matematikk for 8. – 10. klasse. Andre fag kan bli vurdert.
- Har evne til å byggje gode og positive relasjonar til elevane, foreldre og kollegaer.
- Er ein lærar som kan leggja til rette for eit godt samarbeid med alle involverte partar i skulen
- og er utviklingsorientert, løysingsorientert, og tek ansvar
- Du får eit tillegg rekrutteringstillegg kr 20 000/år (i 100 % stilling) for GLU utdanning ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.
- Som fyrstegongs tilsett i Voss herad valfritt årskort ved Voss Resort, Myrkdalen, Voss ski og tursenter eller Vossabadet
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Kontaktlærartillegg frå kr 42 200 til kr 45 000 pr år
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. Hugs å gje opp referansar. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0f38acd2-8716-427a-b937-4816b549b7cb
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3539031_212971_nn