Postdoktor ved Klinisk institutt 1
Universitetet i Bergen
Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Postdoktor ved Klinisk institutt 1
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 26. september
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 (K1), er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på tre år. Perioden kan forlengjast til fire år dersom den inkluderer eit utanlandsopphald på eitt år. Stillinga er knytt til prosjektet «Neuro-SysMed», finansiert av Universitetet i Bergen, med fokus på multippel sklerose (MS).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
- Prosjektet fokuserer på analyser av datasett med magnetisk resonanstomografi (MR) bildar av personar med MS som har deltatt i kliniske studiar.
- Målsetjinga er å finne MR-biomarkerer for diagnose, prognose og behandlingsrespons – ved kopling med kliniske, immunologiske og genetiske faktorar)
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjar må ha:
- Dokumentert erfaring med multimodal MRI, både i forsking og klinisk bruk, særleg innan multippel sklerose (MS).
- Gode ferdigheiter i programmering, til dømes i Bash, Python og R.
- Solid kunnskap om syntaksbaserte statistiske analyseverktøy.
- Sterke ferdigheiter i å utvikle reproduserbare og transparente analyseprosessar (workflows).
- Solid bakgrunn innan maskinlæring og analyse av store og komplekse datasett.
- Erfaring med å tilpasse og ta i bruk maskinlæringsmodellar på kliniske data.
- Gode evner til å formidle vitskapleg arbeid både internt i fagmiljøet og eksternt til ei breiare målgruppe.
Søkjar bør fortrinnsvis ha:
- Erfaring med å presentere forskinga si på relevante nasjonale og/eller internasjonale konferansar.
- Sterk akademisk publiseringsbakgrunn innan relevante fagområde.
- Erfaring med å skrive og sende inn søknader om forskingsmidlar.
- Tverrfagleg kompetanse som utfyller fagmiljøet – bakgrunn i psykologi vil bli særleg vektlagt.
- Meistrar norsk og engelsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med gode samarbeidsevner.
- Det er ein føremon å ha eit solid nasjonalt og internasjonalt fagleg nettverk.
- Det er òg ein føremon å ha erfaring med rettleiing av masterstudentar og/eller doktorgradsstipendiatar.
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Om postdoktorstillinga
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Den tilsette kan bli pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.
Vi tilbyr
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 660 000 (kode 1352) i lønsregulativet i staten for søkjar med profesjonsstudie i medisin og odontologi er løn for tida kr 670 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 695 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet).
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
- relevante attestar
- publikasjonsliste
- vitskapelege arbeid.Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
- to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Kjell-Morten Myhr, e-post: kjell-morten.myhr@uib.no, telefon: 41447868
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0ee42024-587a-4175-a22e-106591118d0c
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10263071