Tømrar til Mikkelparken -- bygg gode barndomsminner
Mikkelparken AS
5780 Kinsarvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Tømrar til Mikkelparken
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. november
Bygg attraksjonar -- og ver med å drive parken
Me i Team Mikkel søker ein allsidig tømrar som vil vera med på laget, og ta vare på Mikkelparken og Ferietunet!
Er dette deg?Du har fagbrev som tømrar og vil ha meir enn ein vanleg tømrarjobb. Du likar tanken på å byggje noko som gir tusenvis av barn gode barndomsminner
Du er praktisk og løysingsorientert, men også sosial. Du trivst med folk rundt deg, enten det er kollegaer eller gjester.
Me søker ein handverkar som vil utvikle seg -- og som er nysgjerrig på å ta meir ansvar over tid. Om rollenVedlikehald hos Mikkelparken og ferietunet er heilt avgjerande for at parken skal fungera optimalt og at gjestene får ein trygg og fin opplevelse.
Her er det alt frå vedlikehald på bygningar, utvikling av attraksjonar til teknisk drift.
I sommarsesongen så deltar ein i drift og på vinterstid har ein meir fleiksibilitet i forhald til arbeidstid og me har fokus på grundig vedlikehald og oppgraderingar.
Du får god opplæring og støtte frå erfarne kollegaer -- me forventar ikkje at du kan alt frå dag éin.
Kva må du ha?-
Fagbrev som tømrar (eller anna relevant dokumentasjon)
-
Førarkort klasse B
-
Lyst til å lære og ta ansvar
-
Fokus på tryggleik, godt samarbeid og trivsel
-
Gode kommunikasjonsevner på Norsk og engelsk
-
Erfaring med andre fag (elektro, røyr, maskin)
-
Interesse for å koordinere og ta initiativ
-
Fast heilårsstilling -- 100%
-
Variasjon -- bygg og vedlikehald om vinterhalvåret, drift på sommarhalvåret
-
Utvikling -- kurs, kompetanseheving og rom til å forme rolla di
-
Gode vilkår -- pensjon, forsikring,
-
Lønn etter avtale
-
Fleksibel arbeidstid - som vert avtalt med arbeidsgjevar
-
Skape gode barndomsminner
Om bedriften
Mikkelparken AS er ein fornøyelsespark for dei yngste (0-10 år), som ligg plassert i Kinsarvik i vakre Hardanger. Me har årleg 52.000 parkgjester og 57.000 gjestedøgn.
Parken tilbyr attraksjonar og aktivitetar, underhaldnng på scene, matserveringssteder, kioskar, badeland og innendørsleikeland som gjev borna mestringsfølelse og gode barndomsminner.
Ferietunet består av 26 hytter, 8 leiligheter, 2 luksustelt og 75 campingplassar, selskapslokaler, basseng og leikeplass.
Vår visjon er å skape gode barndomsminner gjennom verdiane tryggleik, trivsel og samarbeid.
Team Mikkel består av ca 90 sesongansatte og 10 faste medarbeidarar som gler oss til å få DEG med på laget.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0e45c780-9714-4e3b-828f-12d345887ae1
- Sist endret
19. oktober 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
478712839