Open søknad - tilkallingsvikar i skule, SFO og barnehage
OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune
Haugen, 6773 Nordfjordeid, 6717 Flatraket, 6740 Selje, 6750 Stadlandet, 6770 Nordfjordeid, 6777 Stårheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Open søknad - tilkallingsvikar i skule, SFO og barnehage
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Skulane og barnehagane i heile Stad kommune ønskjer fleire tilkallingsvikarar og vikarar for korte periodar. Dersom du ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar i skule, SFO eller barnehage i kommunen er du velkomen til å søkje.
Skriv gjerne i søknaden kvar du helst vil jobbe eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.
Meir informasjon om skulane og barnehagane finn du på nettstaden www.stad.kommune.no
Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld kun tilkalling og korte vikariat.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i skule og barnehage i Stad kommune
- Du er gjerne i eit relevant studieløp
- Alle som arbeider i skule, SFO og barnehage må framvise gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter deg som samhandlar godt med både barn, foreldre og personalet
- Du må vere ein god, trygg og tydeleg vaksen for barna
- Du likar å jobbe med barn, skape trygge og gode dagar for barna
Vi tilbyr
- Ekstraarbeid, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
- Løn etter tariff. Du skriv timeliste.
Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at følger med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!
Det er fint om du sjølv trekk søknaden din i webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid.
Kontaktinformasjon
Ida Elisabeth Sjåstad, spesialkonsulent, +47 98644156Arbeidsstad
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4903225653
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 30.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Ida Elisabeth Sjåstad
spesialkonsulent
+47 98644156
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2826545
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9a305310bb714a09aba56a0c83502753