Miljøterapeut
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, Vågsmarka, 5680 Tysnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut 100 %, vikariat - Vågsmarka bufellesskap
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Er du vår nye kollega?
Er du ein person som ser muligheter, har godt humør og ønskjer ein meiningsfull jobb med menneske? Ønsker du ein meiningsfull jobb med personar med utviklingshemming?
Vågsmarka er eit døgnbemanna bufellesskap for mennesker med utviklingshemming. Me yte praktisk bistand, har fokus på å ivareta ADL ferdigheter og tenestemottakar sine grunnleggande behov, i tillegg til å legge til rette for sosial deltaking og aktivitet.
Dei tilsette hos oss har ulik fagkompetanse og alderssammensetning. Me er opptatt av å skape eit inkluderande arbeidsmiljø, der alle er med og bidrar. Me yt dei beste tenestene når me trivast på jobb.
Me søker ein vikar for ein av våre kollegaer som skal ut i fødselspermisjon. Stillinga er eit vikariat i 100 % som miljøterapeut, med oppstart snarast og varigheit til 31.05.2027. Hos oss får du bidra til at dei som bur her får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag, samstundes som du får utfordre og utvikle din faglege og personlege kompetanse. Stillinga inneber dag- og kveldsvakter i årsturnus, med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Gi hjelp i alle dagleglivets gjeremål.
- Individuell oppfølging tilpassa behovet til brukaren.
- Samarbeid med fagleiar, pårørande/verje og andre samarbeidspartnarar.
- Legemiddelhandtering.
- Delta i fagmøte og andre kompetansehevande tiltak.
- Følge opp miljøpermar og prosedyrar.
- Heilskapleg pleie, omsorg og oppfølging av brukarane.
Kvalifikasjonar
- Relevant treårig helse- og sosialfagleg utdannning på bachelornivå.
- Kandidatar med fagbrev innan helsefag, kan vurderast til stilling som miljøarbeidar.
- Relevant erfaring.
- Førarkort klasse B.
- Erfaring med legemiddelhandtering er ein fordel.
- Gode norskkunnskapar, både munnlege og skriftlege.
- God IKT-kompetanse.
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
- Politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- har ei profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å bruke kunnskap i praksis.
- er engasjert, ansvarsfull og målretta i arbeid med bebuarintervensjonar og oppfølging.
- er tillitsfull, fleksibel, initiativrik og oppteke av å bidra til godt samarbeid med bebuarar, kollegaer og pårørande.
- trivst med utfordringar og er løysingsorientert.
- ønsker å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr
Hos oss vil du få høve til å arbeida med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der me er oppteken av kunnskapsdeling og -heving.
Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLP sine nettsider.
Du blir tilsett som miljøterapeut, eventuelt miljøarbeidar, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar.
Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Benedicte Lundevold
Avdelingsleiar Vågsmarka bufelleskap
+4797648965
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0dc4abb2-17cc-42d3-9754-115751e63dfd
- Sist endret
17. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10287235