Tilkallingsvikar
Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikar
Type ansettelse
Fast, deltid 0%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. september
Ynskjer du å vere tilkallingsvikar i Miljøarbeidartenesta?
Miljøarbeidertenesta i Gloppen yter i dag tenester til omlag 60 brukarar med mellom anna utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har 72 årsverk fordelt på åtte avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman med overordna mål om å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov.
Vi ser etter deg som har kapasitet til å ta på deg ekstra arbeid etter behov. Du har utdanning innan helse- og omsorgsfag eller er utan helsefagleg bakgrunn men har erfaring frå arbeid med brukarar med psykiske lidingar, utviklingsforstyrringar eller utviklingshemming. Det er ein føresetnad at du er personleg eigna, villig til å lære, få rettleiing av helsepersonell og arbeide etter gjeldande planar og lovverk.
Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra inn i miljøarbeidet. Kan dette vere noko for deg? Send oss gjerne ein søknad. Vurdering av søknadane og tilsetting vil bli gjort fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene er varierte og består mellom anna av:
- Oppfølging av tenestemottakarar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
- Utøve miljøarbeid med støtte frå kjend personale
- Observasjon og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Helsekompetanse; student, helsefagarbeidar, vernepleiar eller sjukepleiar
- Erfaring frå og ynskje om å arbeide med målgruppa sjølv utan formell fagkompetanse
- Du må kunne snakke og skrive godt norsk
- Førarkort klasse B
- Kunne nytte journal- og fagsystem
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad.
Vi søker deg som
- Er ein roleg, tolmodig og trygg vaksen
- Skapar gode relasjonar til dei rundt deg og opptrer med tolmod og respekt
- Har evne til å romme ulike følelsesmessige utrykk
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø, og er ein god teamarbeidar
Vi tilbyr
- Opplæring og rettleiing på arbeidsstaden og via kurs som sikrer at du har den kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvene dine.
- Ein meiningsfull jobb med kjekke kollegaer og moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar Miljøarbeidertenesta, +47 47875932Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, +47 911 39 159
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5009884723
Stillingsprosent: 0%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Kristine Eide Ryssdal
Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta
+47 911 39 159
Elise Hestenes Fjelle
Avdelingsleiar Miljøarbeidertenesta
+47 47875932
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0d853f65-8adf-4c54-9340-4e53c26605a7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dbdaaff7c8b2424cb7ebc2fe2b1ec749