Sjukepleiar
Åse hotell, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 7, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
20. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. oktober
Vil du bli ein del av arbeidskvardagen ved Åse Hotell, pasienthotellet i Ålesund?
Vi har ledig eit vikariat som sjukepleiar frå 20. oktober 2025 til 01. mars 2026.
Åse Hotell er ein liten og triveleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø. Dersom du ønsker ein variert kvardag saman med kjekke kollegaer, kan det hende du er den rette kandidaten for oss!
Hos oss møter du pasientar frå ulike avdelingar på sjukehuset, pasientar til poliklinisk behandling og andre gjestar. Dagane og oppgåvene er varierte og det er ein fordel om du har erfaring med ulike pasientgrupper - men ikkje eit krav.
Arbeidstid er hovudsakleg på kveldstid, med nokre dagvakter i turnus. Hotellet er ein liten arbeidsplass og treng fleksiblitet, det er derfor ønskeleg om du av og til kan ta ekstravakter. Vi har drift måndag til fredag og hotellet er stengt helger og høgtider. Det er for tida ikkje knytt helgearbeid til stillinga, men arbeid på enkeltståande heilagdagar kan førekome.
Arbeidsoppgåver
- Handtere resepsjon/booking
- Oppfølging av pasientar
- Samarbeid med andre seksjonar
- Tett samarbeid med andre tilsette rundt daglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar, gjerne med somatisk erfaring
- Sjukepleiarar med høgare kompetanse kan vurderast i særskilte tilfeller
- Beherske dataverktøy godt
- Beherske norsk språk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du vil vere med å utvikle hotellet vidare
- Du er positiv og god på samarbeid
- Du kan jobbe sjølvstendig og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er nøyaktig, fleksibel, utadvendt, serviceinnstilt og trivast i eit lite miljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Julianne Reitan Hagerup, Seksjonsleiar, +47 41310694, julianne.reitan.hagerup@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 76017 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5019395248
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 20.10.2025
Sluttdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 07.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0d2bd8e4-92d4-4183-b202-116d4d6280b0
- Hentet fra
talentech
- Referanse
27e52365a89a4ef49179dc6650821027