To faste stillingar som rådgivar/seniorrådgivar
Miljødirektoratet
Grensesvingen 7, 0661 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- To faste stillinger luft
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. oktober
Om stillinga
Vi søkjer:
- ein rådgivar/seniorrådgivar
- ein seniorrådgivar med fagkoordinatoransvar for eit team på sju personar
Om stillingane
Vi har to ledige stillingar i seksjon for klimakunnskap, luftkvalitet og lokalt klimaarbeid (Klimakunnskap, luftkvalitet og lokalt klimaarbeid (KOL) - miljodirektoratet.no) Oppgåva vår er å fremje menneskes helse og trivsel, og verne vegetasjon og økosystem mot luftforureining. Stillingane er knytt til arbeid med utandørs luftkvalitet, der forureininga kan vere langtransportert eller ha lokale kjelder. Ei av stillingane inneber ansvaret som fagkoordinator.
Eit team på sju personar jobbar mellom anna med å følgje opp forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet, under dette oppfølging og rettleiing av kommunar. Vi jobbar også med å ta inn EUs nye luftkvalitetdirektiv i norsk rett. Vidare jobbar vi med langtransportert luftforureining, der Noreg er i ferd med å implementere EUs utsleppstak-direktiv (NEC-direktivet). Vi leier Luftsamarbeidet (Luftsamarbeidet og tenester for luftkvalitet - miljodirektoratet.no), eit statleg samarbeid beståande av fem statlege aktørar som leverer mellom anna digitale tenester for luftkvalitet. Vi har også ansvar for eit IT-system for luftmålingar.
Teamet blir leidd av ein koordinator som mellom anna skal bidra til fordeling av oppgåver i teamet og strategisk utvikling av fagområdet.
Vi er ein av sju seksjonar i klimaavdelinga (Klimaavdelingen (KAL) - miljodirektoratet.no). Seksjonen har ansvar for mellom anna arbeid med utandørs luftkvalitet og støy, klimagassutslepp i kommunane, fluorhaldige klimagassar, FNs klimapanel, kortlevde klimadrivarar, atmosfæreovervaking, og dessutan koordinering av arbeidet til avdelinga mot statsforvaltaren og med forsking og utvikling. Vi er 23 dyktige, engasjerte og hyggelege kollegaer som gler oss til å ønskje nye kollegaer velkommen. Kontorstad er Helsfyr i Oslo.
Kva rolle passar deg?
Begge stillingane arbeider innanfor det same fagområdet.
Rådgivar/seniorrådgivar
Stillinga passar for deg som ønskjer å arbeide fagleg med luftkvalitet, regelverk, rettleiing, utgreiingar og samarbeid med kommunar, departement og andre aktørar.
Seniorrådgivar med fagkoordinatoransvar
I denne stillinga skal du i tillegg koordinere og prioritere arbeidet til teamet, følgje opp framdrift og bidra til strategisk utvikling av fagområdet i tett samarbeid med seksjonsleiar. Rolla inneber ikkje personalansvar.
Stillinga sine hovudansvarsområde
Oppgåvene blir fordelte ut frå kompetansen til medarbeidarane, erfaring, interesser og kapasitet. Du vil mellom anna:
- rettleie kommunar om regelverket for luftkvalitet
- utvikle og følgje opp nasjonalt og internasjonalt regelverk, mellom anna EUs luftkvalitet- og utsleppstakdirektiv
- gi råd til og levere på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet
- greie ut tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp
- arbeid med saksbehandling, anskaffingar og kontraktsoppfølging
- arrangere møteplassar og konferansar
- arbeid med kommunikasjon og formidling
- samarbeide med forskingsmiljø, forvaltninga og andre sektorstyresmakter
- bidra i andre oppgåver innanfor seksjonens og Miljødirektoratets ansvarsområde
Stillinga med fagkoordinatoransvar inneber i tillegg å fordele og prioritere oppgåver, følgje opp framdrift og kvalitet i leveransane og bidra til avklaringar om oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.
Oppgåvene blir løyste både sjølvstendig, i team og på tvers av Miljødirektoratet. Du må kunne sjå heilskapen og samanhengane, samtidig som du har sans for detaljar. Det kan også vere aktuelt å leie eller delta i drifts- og utviklingsoppgåver.
Kompetansekrav
KvalifikasjonarDu har kunnskap om eller interesse for utslepp til luft, utsleppskjelder og tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp. Du liker å halde deg fagleg oppdatert og ha overblikk.
Utdanning- Relevant utdanning på masternivå. Solid, relevant erfaring og bachelorgrad innan eit relevant fagområde kan kompensere for masterutdanning.
- Kompetanse innan naturvitskap, teknologi, juss, samfunnsfag eller helsefag er relevant. Tverrfagleg bakgrunn er også interessant.
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå offentleg forvaltning
- erfaring med nasjonalt eller internasjonalt regelverk og relevante internasjonale prosessar
- kunnskap om kommunesektoren
- interesse for myndigheitsoppgåver og saksbehandling
- gode digitale ferdigheiter
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
For stillinga med fagkoordinatoransvar er det ønskjeleg med erfaring frå prosjektleiing eller anna koordineringsarbeid i forvaltninga.
EigenskaparVi ser etter deg som:
- arbeider tverrfagleg og ser heilskapen på tvers av sektorar og fagområde
- har god rolle- og forvaltningsforståing
- er analytisk, tek initiativ og ser nye løysingar og moglegheiter
- er interessert i klima og miljø, politiske prosessar og samfunnsutvikling
- arbeider sjølvstendig, nøyaktig og systematisk
- samarbeider godt og har god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar med lønn frå kr. 600 000,- til kr. 900 000,- avhengige av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
- utfordrande arbeidsoppgåver på viktige samfunnsområde
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit godt arbeidsmiljø med sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
- fleksibel arbeidstid
- pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Camilla Schreiner. Dersom du har spørsmål om stillinga, kan ho kontaktast på e-post: camilla.schreiner@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 76-2026 KOL når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.
Kontaktpersoner for stillingen
Thomas Seeberg Yri
seniorrådgiver HR
+47 92 83 42 77
Om bedriften
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning.
Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 faste ansatte ved kontorene våre i Trondheim, Oslo, Svolvær og Tromsø og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidsansatte rovviltkontakter spredd over hele landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgavene i Miljødirektoratet. Vi utvikler og følger opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analyser, overvåker og kartlegger arter, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparker og naturreservat. Noen oppgaver krever at ansatte med ulik fagkompetanse jobber sammen på tvers. På den måten sikrer vi størst mulig faglig tyngde i leveransene våre. Vi lærer av hverandre og utvikler oss internt. Andre arbeidsoppgaver krever selvstendig jobbing. For å løse samfunnsoppdraget vårt på best mulig måte har vi behov for medarbeidere i alle aldere, med ulike fagkombinasjoner, kompetanse, livserfaringer og perspektiver. Er du kvalifisert til en ledig stilling, så oppfordrer vi deg til å søke!
Se alle ledige stillinger i Miljødirektoratet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0b865127-9b3e-4133-bae2-640bd313dd22
- Sist endret
12. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10308960