Barnekoordinator
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
Om jobben
Stillingstittel
Barnekoordinator
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. oktober
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Austevoll kommune er under omstilling. Arbeids- og ansvarsområde kan derfor bli endra.
Helsetasjon- og skulehelsetenesta har som mål å drive førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og unge og deira familiar. Trygge og friske barn og unge er vår visjon. Tenesta skal betre føresetnaden for god psykisk og fysisk helse ved å fremje trivsel, velvære og meistring av dei utfordringane menneske møter i kvardagen. Austevoll kommune inngår i eit tverrfagleg samarbeid med BUP Fana, med faste samarbeidsmøter.
Om stillinga
Vil du vere med å gjere ein forskjell for barn og familiar i Austevoll?
Me søkjer ein engasjert og dyktig barnekoordinator i eit 50% ettårs vikariat, med mogelegheit for meir, som vil bidra til at barn og unge med samansette behov får godt koordinerte og tilpassa tenester.
Som barnekoordinator vil du ha ei nøkkelrolle i å sikre heilskaplege og samordna tenester til barn, unge og familiar. Du vil jobbe tett med både interne tenester i kommunen og eksterne samarbeidspartnarar, og bidra til å sikre gode prosessar for brukarar og pårørande.
Ansvars- og arbeidsoppgåver- Koordinere og følgje opp barn, unge og familiar med behov for samansette tenester
- Ansvar for individuell plan, barnekoordinator- og koordinatorordninga
- Samarbeide på tvers av fagområde og tenestenivå
- Bidra til utvikling av gode rutinar og system innan koordinerande eining
- Vere ein trygg kontaktperson for barn, unge og familiar
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav- Minimum 3-årig høgskule- eller universitetsutdanning innan helse, sosialfag eller pedagogikk
- Kjennskap til relevant lovverk og offentleg hjelpeapparat
- Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne innan koordinering eller individuell plan vil vere fordelaktig
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Har stort engasjement for brukergruppen
- Positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Strukturert og systematisk i arbeidet
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfagleg team
- God til å bygge relasjoner
- Gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit
- Er tilpasningsdyktig og har evne til å stå i en rolle som er i utvikling
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling der du bidreg til viktige livsprosessar for barn og familiar
- Eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Moglegheit for fast stilling eller utviding av stillingsprosent
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjonsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Hege Iren Austevoll
Leiar Helsestasjon og skulehelsetenesta
+4795214473
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0b7cf9ff-422f-4e12-978e-87c3caad2706
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10263675