Reinhaldsarbeider
Åse hotell, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 7, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsarbeider
Oppstart
3. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. oktober
Vi har ledig eit vikariat som reinhaldar frå 3. november 2025 til 1. mars 2026 i fyrste omgang.
Åse hotell er ein liten og koseleg arbeidsplass med godt miljø. Har du lyst på ein variert kvardag saman med trivelege kollegaer, kan du vere den vi ser etter!
Dette er ein meiningsfull jobb der du er med på å skape tryggleik og trivsel for pasientane. Hos oss møter du både pasientar frå ulike avdelingar på sjukehuset, dei som kjem til poliklinisk behandling, og andre gjestar.
Arbeidsdagane er varierte, og det er ein fordel om du har erfaring med reinhald frå helsevesenet. Du jobbar berre på dagtid. Vi har drift måndag til fredag, og hotellet er stengt i helger og høgtider. Sidan vi er ein liten arbeidsplass, treng vi fleksible folk – det er derfor fint om du kan ta ekstravakter når det trengst.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald og klargjering av hotellrom
- Reinhald og rydding av fellesareal
- Vare- og tøybestilling
- Smittevask
- Vask av vindu og nedvask
- Vask av tekstiler
- Hjelpe andre yrkesgrupper på hotellet, f.eks med kantinearbeid, sentralbord, følge pasienter til behandlingsted
Kvalifikasjonar
- Erfaring eller utdanning innan reinhaldsarbeid, gjerne innan helsesektoren
- Kjennskap til hygienkrav og smittevernrutinar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftelig
- Grunnleggande IT kunnskapar (for bruk av interne system)
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som vil vere med på å utvikle hotellet vidare
- Du er positiv, god på samarbeid
- Du kan jobbe sjølvstendig og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er nøyaktig og fleksibel
- Du er utadvendt, serviceinnstilt og trivast i eit lite miljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Julianne Reitan Hagerup, Seksjonsleiar, +47 41310694, julianne.reitan.hagerup@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 76017 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5020160602
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 03.11.2025
Sluttdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 08.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0b7beb85-1410-4840-9258-54d0e286d4fc
- Hentet fra
talentech
- Referanse
24c1a3a49ed841eba69f121d4e8e1e3a