Einingsleiar - legekontor og legevakt
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Leder for legekontor og legevakt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Vil du vere vår einingsleiar for legetenesta?
Tysnes kommune søker ein engasjert og tydeleg einingsleiar for legetenesta. Stillinga er nyoppretta og speler ei nøkkelrolle i å sikre og videreutvikle gode legetenester for innbyggarane våre.
I stillinga som einingsleiar har du det overordna ansvaret for at legekontoret fungerer effektivt og forsvarleg i samsvar med gjeldande plan- og avtaleverk.
Tilsettgruppa består av to sjukepleiarar og fem legar inklusiv LIS-lege. Som einingsleiar får du ei nøkkelrolle i å leie og utvikle tenesta og bygge eit godt fagleg og samansveisa team. Du har det totale ansvaret for drift av avdelingen, inkludert fag, økonomi og personell, og skal bidra til at avdelinga levererer tenester av god kvalitet. Rolla inneber å vere ein tydeleg leiar som skaper struktur, legg til rette for samarbeid og driv utvikling framover. Det medisinskfaglege ansvaret ligg til kommuneoverlege.
Stillinga som einingsleiar ligg administrativt under kommunalsjef for helse og omsorg. I stillinga inngår både leiing og daglege arbeidsoppgåver ved legekontoret.
Startdato etter avtale.
Kva stillingen går ut på
- Drifts-, økonomi, kvalitets- og personalansvar for eininga.
- Kombinere langsiktig arbeid med operativ oppfølging og dagleg forvaltning.
- Sikre god økonomistyring og bidra i budsjettarbeid.
- Inngå i dagleg drift av legekontoret, både på lab, i kliniske og i administrative oppgåver.
- Vere pådrivar for kvalitetsarbeid, HMT og kontinuerlig forbetringsarbeid.
- Bidra til utvikling av gode pasientforløp og samarbeid både internt og eksternt.
- Sikre god informasjonsflyt i organisasjonen og vareta partssamarbeidet.
- Sakshandsaming og førebuing av politiske saker.
Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga ut frå søkjar sin kompetanse og arbeidsgjevar sine behov.
Kvalifikasjoner
- Helsefagleg utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis sjukepleiar eller bioingeniør. Anna kompetanse kan vurderast.
- Minst to års erfaring frå pasientretta arbeid.
- Leiarerfaring som inkluderer personalleiing. Leiarutdanning er ønskeleg.
- God økonomi- og systemforståing.
- Kjennskap til spesialist- og/eller kommunehelseteneste og kommunale legetenester.
- God evne til å sette deg inn i lovverk og utarbeide planverk.
- God kompetanse i digitale verktøy (EPJ, økonomi og kvalitetssystem).
- Gode skriftlege og munnlege norskferdigheiter og framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein open og tydeleg, engasjert og målretta leiar, som evnar å jobba strategisk og heilskapleg, og er rask å setja seg inn i ulike problemstillingar. I tillegg er du
- god til å samarbeide og har gode kommunikasjonsevner
- strukturert og analytisk
- tydeleg, beslutningsdyktig og har evne til å prioritera
- god på å motivera andre og utvikla kompetente medarbeiderar
- sterk etisk fundamentert og høg integritet
- Personlege eigenskaper vert vekta høgt i denne viktige stillinga.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Har du lyst å jobbe i, og leie ei teneste med eit viktig samfunnsoppdrag? Då trur me at du vil trivast hos oss! Me kan freiste med moglegheit til å utvikle legetenestene saman med engasjerte og kunnskapsrike medarbeiderar, og i samarbeid med andre leiarar i kommunen. Du blir del av leiargruppa til kommunalsjef helse og omsorg, og dessutan ein del av den utvida leiaregruppa til kommunedirektøren.
Du blir tilsett som einingsleiar med personal-, budsjett- og økonomiansvar, og er lønnsplassert lønnskapittel 3.4.2. Lønna blir årleg regulert gjennom lokale lønsforhandlingar. Stillinga er unormert, og det vert gitt fem avtalefesta dagar per kalenderår.
Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr mellom anna at du får ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg, og dessutan moglegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår.
Me veit at mange ønsker seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med høve til å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Me ønskjer fortrinnsvis at tilsette har sin arbeidsstad i arbeidsgjevar sine lokaler, for å sikra samstundes tilstedevære og godt samarbeid. Me kan likevel legga til rette for kombinasjon av heimekontor og fast kontorarbeidsplass når arbeidsoppgåvene tilseier at det let seg gjera.
Synest du dette verkar som ei spennande stilling, eller det er noko du lurer på etter å ha lest annonsen? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersoner.
For at søknaden din skal bli vurdert ber me deg legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, i form av vitnemål og tenestebevis/arbeidsattester.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 3000 godlyndte innbyggjarar i Tysnes.Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0b479d8a-f256-475d-a4d4-48f532d880e4
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266232