Hopp til innhold

Badevakter og badeassistenter

Arbeidsgiver

Bjerkreim kommune

Sted

Vikesågata 60, 4389 Vikeså

Om jobben

Oppstart
12. oktober 2026
Stillingstittel
Badevakter og badeassistenter
Type ansettelse
Engasjement, deltid 10%
Antall stillinger
4

Søk på jobben

Søk senest mandag 14. september

Vi treng badevakter til det offentlege symjetilbodet som har oppstart i veke 42. Vi treng deg som er over 16 år, er fleksibel, ryddig og strukturert, og som ønskjer å arbeida som badevakt dei ulike dagane vi har ope fram til påskeferien i 2027.

Har du ha lyst til å søkja, men kan ikkje arbeida på alle dei aktuelle dagane? Då søkjer du og skriv i søknaden og opplyser i søknaden kva dagar og tider som passar for deg!


Arbeidsoppgåver

  • Som badevakt skal ein leggje tilrette for ei god oppleving for til dei som nyttar seg av tilbodet.
  • Ein har ansvar for å leite fram og rydde på plass igjen leikar, reingjering rundt bassenget og i garderobane mm. Vi gir opplæring.
  • Badeassistentane vil vera ekstrahjelpa til instruktøren for barnehagesymjinga og ved symjekurs fredag ettermiddagar. Her må ein rekne med å opphalda seg i bassenget saman med ungane.

Kvalifikasjonar

  • Alle badevakter/assistenter må kunne symje.
  • Vi krev at alle må ha oppdatert livredningskurs, noko alle vil få tilbod om før oppstart i arbeidet. Kurset er obilgatorisk.

Personlege eigenskaper

  • Personar som er fleksible, nøyaktige, pålitelege og serviceinnstilte.
  • Arbeidet som badevakt passar for ungdom og det er aktuelt å fordela arbeidet på fleire.
  • Du må vera minst 16 år for å søkja både som badevakt og som badeassistent.
  • Det vil alltid vera minst to personar tilstades, kor den eine er over 18 år.
  • Det er viktig at du i søknaden opplyser om det er dagar eller periodar du ikkje kan arbeida.
  • Erfaring frå liknande arbeid, fleksibilitet og nærleik til arbeidsstaden er ein fordel.
  • Det vil bli lagt vekt på språknivå i tilsetjingsprosessen.

Vi tilbyr

Arbeidstid:

  • Offentleg symjing laurdagar: frå ca kl 09.30 til ca 15.00 i perioden frå 17.10.2026 til påskeferie 2027.
  • Barnehagesymjing måndagar: mellom ca kl 09.30 - 13.30 i perioden frå 12.10. 2026 til påskeferie 2027.
  • Assistent symjekurs fredagar: Mellom ca. kl 15.00 - 20.00 i perioden mellom ca 16.10 til og med 11.12. 2026, og i perioden mellom ca. 08.01. til påskeferie 2026.
  • Symjekurs går over 8 veker haust og 8 veker vår, nøyaktige datoar vert fastsett ved oppstart.
  • Lønsvilkår, timeløn etter lokalt takst og tillegg for kveld og helg

Kontaktinformasjon

Annette O Nedrebø, Rådgiver kultur, +47 988 80 147

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune

Referansenr.: 5163491300
Stillingsprosent: 10%
Engasjement
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 19.03.2027
Søknadsfrist: 14.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Annette O Nedrebø

Rådgiver kultur

+47 988 80 147

Om bedriften

Bjerkreim kommune er en del av region Dalane som ligger i den sørlige delen av Rogaland. Kommunen ligger tett ved E39, og det gjør det enkelt å komme frem. Vi er en liten kommune i folketall med om lag 2800 innbyggere, men blant de største i Rogaland når det kommer til areal.

Vi opplever at innbyggerne er stolte av, og glade i, kommunen sin. Det lokale engasjementet er stort, til det beste for kommunen. Bjerkreim kommune har en tett organisasjon, som gjør det enkelt å komme i kontakt med de ulike tjenesteområdene en skulle ha behov for. Vi har mye flott natur, ledige boligtomter, ledig næringsareal, veldig høy sysselsetting - og vi har rom for mer. I dette ønsker vi oss så vel nye, gode, kompetente medarbeidere, som nye innbyggere velkommen.

Om det offentlege symjetilbodet:

Det offentlege symjetilbodet er eit ope tilbod for alle. Laurdagar er det ekstra oppvarma vatn. Då er det tilbod for vaksne over 18 år, etterpå er det ope for alle. For at ikkje bassenget skal bli for fullt, vil ein som før dela inn grupper med spesifiserte tider. Den offentlege symjinga vil avsluttast seinast kl 1600.

Offentleg symjing: Laurdagar 

Barnehagesymjing: Måndagar - føremiddag

Badetilbod for barneskuleelevar: Måndagar  ettermiddag 

Symjekurs: Fredagar - ettermiddag. Symjekursa går over 8 veker haust og 8 veker vår, nøyaktige datoar vert fastsett ved oppstart. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0ae84484-16d4-42d0-8804-65772ff14166

Sist endret

14. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cd892215c00844ad8bc8a893f669f171

Lignende annonser

Laster lignende annonser