Hopp til innhold

100% vikariat som helsefagarbeidar ved Rus og psykisk helse, Odda

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Rus og psykisk helse

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 9. september

Ved ROP avdeling Odda har me no ledig vikariat for helsefagarbeidar i 100 % stilling, i perioden: 01.10.2026 til 01.10.2027, med gode mogeligheiter for fast tilsetting. 

Arbeidsstad: Rus- og Psykisk helse (ROP), avd. Odda

 

Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing. 

Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar einskild brukar. Kvardagen i rus og psykisk helse er innhaldsrik og spanande, og oppgåvene me utfører er mange og varierte.

 

Stillingen inngår i turnus med vakter på dag, kveld og arbeid 4. kvar helg. Det er mulig å arbeide langvakter om ønskeleg. 

 

Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring og positive opplevingar for våre brukarar? Då er det berre å søkje på stillinga! 


Arbeidsoppgåver:

  • Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale

  • Tverrfagleg samarbeid

  • Dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal i Aidn

  • Legemiddelhåndtering

  • Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane

  • Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik

  • Medverke til godt arbeidsmiljø


Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar 

  • Vidareutdanning i psykisk helse er ynskjeleg

  • Gode norskkunnskapar skriftleg og muntleg

  • Førarkort klasse B 

  • Gode digitale ferdigheiter


Personlege eigenskapar:
  • Fleksibel og engasjert  

  • Godt humør og positiv innstilling

  • God samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig

  • Evne til god kommunikasjon, vere reflektert og kunna skapa gode relasjonar til brukarane og pårørande

  • Evne til å behalde ro i utfordrande situasjonar

  • Evne til å tenkje nytt og å vere kreativ

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

 

Me tilbyr:
  • Ein arbeidsplass med varierte og spanande dagar, meiningsfulle oppgåver og faglege utfordringar

  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling med støtte frå kommunen

  • Samarbeid med fagleg dyktige kollegaer

  • Lønn etter gjeldende tariff 

  • Eit stabilt, godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Fadderordning for nytilsette


  • Krav:

    • Politiattest jfr gjeldande lov

    • Krav til førarkort: klasse B

     

     

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Nina Sandstå

    Verksemdsleiar

    +47 90524956

    nina.sandsta@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    0ae7cb2d-3d92-44ef-a0da-eaeb3ed5994a

    Sist endret

    21. august 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3655407_193337_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser