Undervisingstillingar
Oppvekst, Bygland Kommune
4745 Bygland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstillingar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. juni
Har du lyst å bli med og forme skular som verkeleg blir satsa på? I så fall har du sjansen no!
Byglandsskulane har stort fokus på utandørs læring og aktivitetar; her blir både fjord og fjell nytta fullt ut. Andre stikkord er høg kompetanse på dysleksi; lesing og skriving og ikkje minst inkluderande undervising er også høgt prioritert.
Som ein del av lærarlaget får du høve til å både jobbe sjølvstendig og saman med andre. Dei tilsette arbeider stort sett i team fordelt på barneskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Bygland skule (1. – 10. klasse) har nesten 80 elevar, og Byglandsfjord skule (1. – 7. klasse) har over 42 elevar. Ved begge skulane er det moderne fasilitetar med storbrukshall.
Det overordna målet vårt er at både elevane og dei tilsette skal ha meiningsfull dagar, der kvar enkelt er ein viktig del av fellesskapet. Byglandsskulane har eit godt arbeidsmiljø, og no kan du bli med på dette laget.
Byglandsfjord skule og SFO
Bygland skule og SFO
- Lærar 100 % x 2 årsvikariat
- Lærar 40% stilling årsvikariat
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Høve til å vere tett på den einskilde elev og til å gjere ein stor forskjell og høve til å vere med på spennande pedagogisk utviklingsarbeid
- Eit godt og inkluderandre arbeidsmiljø.
- Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
- Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse og KLP, samt god personal- og skadeforsikringsordning.
- Lønn iht. gjeldane tariff.
- Det kan tilstås pedlertillegg for kandidatar som vil ha lang reiseveg, etter ein konkret vurdering.
Arbeidsoppgaver
- Undervisning på alle klassetrinn frå 1.-10.-trinn.
- Undervisning i grunnleggande norsk for språklege minoritetar kan bli aktuelt.
- Samarbeid med heimane og andre tilsette ved skulane.
- Pedagogisk utviklingsarbeid innom og på tvers av team.
- Deltar i planleggingsarbeid, samarbeidsmøte og personalmøte, ansvarsgruppemøte og kursverksemd etter avtale og plan.
- Planlegge og evaluere eige arbeid
- Samarbeide med lærarar, skuleleiing, skulehelseteneste og andre fagpersonar, for å sikre heilskapleg oppfølging av elevane
- Bidra til å bygge ein robust skulekultur der ein fremmar trivsel, samarbeid og sosial kompetanse
- Skule/heim-samarbeid.
Kvalifikasjoner
- Være formelt kvalifisert for tilsetjing og undervisning i grunnskulen jf. forskrift til opplæringslova kap. 14. (Godkjent allmennlærarutdanning).
- God kjennskap til elevvurderingsprinsippane.
- Ha kjennskap til digitale læremiddel i undervisninga.
- Ha gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Til nokre av stillingane er det ønskjeleg med undervisningskompetanse (30/60 stp.) i minst to fag.
Personlige egenskaper
- Evne til å forstå, og ta omsyn til, elevane sine ulike behov og bakgrunnar, er avgjerande for å skape eit inkluderande læringsmiljø.
- Evne til å handtere utfordringar med tolmod og ro, og skape ei trygg og inkluderande atmosfære der elevane kjenner seg sett og respektert.
- Evne til å sjå behova til barn bak åtferda
- Evne til å kommunisere med, og bygge relasjon til barn
- Vere inkluderande
- God til å samarbeide, samstundes som ein må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- Fleksibel og løysingsorientert Personleg egnethet vil bli tillagt stor vekt
Kontaktinformasjon
Linda Hemmestad Dale, Rektor Byglandsfjord skule og SFO, +4741302416, linda.hemmestad.dale@bygland.kommune.noLene Fjeringstad, Rektor Bygland skule og SFO, +4797506414, lene.fjerdingstad@bygland.kommune.no
Arbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4918567301
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Kontaktpersoner for stillingen
Linda Hemmestad Dale
Rektor Byglandsfjord skule og SFO
+4741302416
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2924951
- Hentet fra
talentech
- Referanse
99bf7a0fb7ac4fc4a5e8f7494da3ee86