Sjukepleiar eller ambulansearbeidar – Helseekspressen
Felles akuttmottak, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier/ambulansearbeider
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 20. oktober
Vil du vere med på helseekspressen – bussen som går tur/retur Haugesund sjukehus, Stord sjukehus og Haukeland universitetssjukehus kvar vekedag?
Her får du ein arbeidsdag som kombinerer fag, ansvar og variasjon. Arbeidstida er frå kl. 07.00 til 19.00.
Som tilsett på helseekspressen har du ansvar for inntil tre pasientar med behov for observasjonar og behandling under transporten. Helseekspressen er organisert under Felles akuttmottak, og stillinga inneber òg helge- og heilagdagsarbeid i akuttmottaket.
Du blir del av eit lite og samkøyrt team på bussen – saman med sjåfør og helsefagarbeidar – og eit større tverrfagleg lag i akuttmottaket.
👉 Søk no og bli ein del av laget vårt!
Kva går jobben ut på?
Arbeidstid: Langvakter på vekedagar og dag/kveld på helg og heilagdagar. 16 arbeidshelger og inntil 4 bevegelege heilagdagar i året.
Helseekspress: Ivaretakelse og overvåkning av pasienter under transport
Akuttmottak: Mottak, stabilisering og behandling av pasienter med behov for øyeblikkelig hjelp. Samarbeid i tverrfaglige team.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/ambulansearbeidar.
- Ønskeleg med relevant erfaring.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Kompetanse i nødnett vil vere positivt.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er trygg og sjølvstendig i arbeidet ditt
- tilpassar deg ulike situasjonar og arbeidsoppgåver
- kommuniserer godt med både pasientar og kollegaer
- trivst med å samarbeide i tverrfaglege team
- held roen og har oversikt når tempoet er høgt i akuttmottaket
Kvifor skal du velje oss?
- Ei spennande stilling med stor grad av sjølvstende.
- Langvakter som gir rom for lengre friperiodar
- Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trude Karoliussen, Funksjonsleiar, trude.karoliussen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5024209127
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 01.12.2026
Søknadsfrist: 20.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0a90351e-6566-416c-ad8b-757aa890e527
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4d9d922adef8499c80e03e26996065ad