Er du ein trygg og inspirerande formidlar?
Bømlo kommune
Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Formidlar
- Oppstart
- 1. januar 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 13%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. desember
Bømlo folkebibliotek har ledig ei 13 % fast stilling og søkjer ein engasjert formidlar som vil vera med på å spreia leseglede blant barn og unge.
Biblioteket held til i moderne og innbydande lokale i Bømlo kulturhus, saman med kino, teater og kulturskule. Me er stolte av å vere eit kulturhusbibliotek og ein del av eit kreativt og engasjert fagmiljø. I tillegg til hovudbiblioteket har me tre filialar og samarbeider tett med skulebiblioteka i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og gjennomføre formidling for barn og unge.
- Samarbeide med skulebibliotek om litteraturformidling.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan formidling. Relevant erfaring kan erstatte krav om formell utdanning.
- Erfaring med formidling og rettleiing av barn og unge er ein fordel.
- Erfaring med planlegging og gjennomføring av workshops/kurs tel positivt.
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, samarbeidsvillig og open for nye idear.
- Du framstår trygg, har gode relasjonsevner og kan byggje nettverk.
- Du kan gjennomføre oppgåver frå idé til resultat.
- Du er fleksibel og tilpassar deg lett nye oppgåver og situasjonar.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit kreativt miljø.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Vil du bli vår nye formidlar? Send oss ein elektronisk søknad via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar. Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med leiar for stillinga. Ved behov må du kunne leggje fram bekrefta dokumentasjon.
Kontaktinformasjon
Astrid Drevland, Biblioteksjef, 416 74 209, Astrid.Drevland@bomlo.kommune.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5041752299
Stillingsprosent: 13%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 05.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0a393bed-f8fc-40d2-b86e-d02f9d04c4ed
- Sist endret
21. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
07653e15ae3a4c2d8f2490cf2cf4b58a
Lignende annonser
Vikar for lærarar og miljøarbeidarar i Bømlo skulen
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Sted
Bremnes
Kyrkjelydspedagog
Arbeidsgiver
Bømlo Kyrkjelege Fellesråd
Sted
Bremnes
Barnehagelærer
Arbeidsgiver
Espira Salamonskogen
Sted
Bremnes