Hopp til innhold

Kulturhusleiar

Arbeidsgiver

Gullbring kulturhus, Kultur og fritid

Sted

Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark

Om jobben

Stillingstittel
Kulturhusleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. november

Gullbring kulturhus i Bø er den kulturelle storstova i Midt-Telemark kommune og eit hus for folkehelse; ein sosial møteplass og arena for kunst- og kulturlivet, idretten, frivilligheita, skule, helse og utdanning. Vår kulturhusleiar begynner i ny jobb, - difor lyser vi ut stillinga. 

Midt-Telemark kommunale eigedom AS eig huset og har ansvar for teknisk drift, reinhald og vedlikehald, medan Midt-Telemark kommune leiger heile kultur- og idrettsbygget med uteområde. Kommunen har organisert drifta av kulturhuset som ei avdeling i eining for kultur og fritid. Kulturhusleiar/avdelingsleiar rapporterer til kultursjef/einingsleiar, - og deltar i leiarteamet ved sidan av rektor for kulturskolen og bibliotekleiar.

Kulturhuset driv kafé/kiosk, idrettshall, svømmehall/folkebad, kino og arrangement. I tillegg leiger kulturhuset ut lokale til kulturskulen, andre kommunale tenester, frivillige lag og eksterne aktørar. Universitetet i Søraust-Noreg er den største leigetakaren. I 2028 opnar kommunen nytt folkebibliotek i kulturhuset.

Kulturhusleiar sitt team som består av fagansvarlege for kino, kafé, folkebad og idrett, arrangementsteknikar og vaktmeister. Gullbring kulturhus har i underkant av 10 årsverk fordelte på heil- og deltidssette og tilkallingsvikarar. 


Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for avdelinga sine leveransar innan økonomistyring, personalleiing, HMS og internkontroll
  • Ansvarleg for det samla programtilbodet og profilen til kulturhuset
  • Inngår og følger opp leigeavtalar og kontraktar, og har ei viktig vertsskapsrolle overfor leigetakarar, artistar og publikum
  • Overordna ansvar for planlegging, organisering og gjennomføring av den daglege drifta
  • Prioriterer og følgjer opp tiltak i tett samarbeid med huseigar, basert på interesse og forståing for teknisk drift av kultur- og idrettsbygg
  • Deltek i gjennomføring av arrangement og bidrar ofte i den daglege drifta

Kvalifikasjonar

Ønska kvalifikasjonar
  • Søkjar har relevant utdanning på minimum bachelornivå innanfor fag som leiing, økonomi, kultur og samfunn 
  • Søkjar har kunnskap om kultur, folkehelse, idrett og frivilligheit
Ønska kompetanse
  • Søkjar har erfaring ifrå drift av kulturhus basert på omfattande sambruk, eller ifrå tilsvarande verksemd
  • Søkjar har erfaring med og dokumenterte resultat ifrå leiing, økonomistyring, internkontroll og teamarbeid i offentleg sektor
  • Søkjar har erfaring ifrå offentleg forvaltning og kommunal saksbehandling

Personlege eigenskapar

  • Strategisk og handlekraftig med evne til å sjå heilheit og samanhengar
  • Strukturert og løysingsorientert med vilje til endring og utvikling
  • Trygg i krevande beslutningar og aktuelle omstillingsprosessar
  • Evne til å bygge trygge relasjonar med medarbeidarar og kollegaer, og med samarbeidspartnarar, leigetakarar og publikum
  • Kommuniserer tillitsfullt, opent og ærleg
  • Samarbeider til det beste for fellesskapet og for samfunnsoppdraget

Dette er personlege eigenskapar som vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Hilde Kristine Pedersen, Einingsleiar, +47 95704048

Arbeidsstad

Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5178011340
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Hilde Kristine Pedersen

Einingsleiar

+47 95704048

Om bedriften

I staben (den sentrale administrasjonen) jobbar me for heile kommunen. Me er tre einingar som ivaretek oppgåver innan personalforvaltning, kommunikasjon, service, arkiv, politisk sekretariat og økonomiforvaltning. Kultur og fritid er også organisatorisk plassert i staben. Staben er i hovudsak ein tilretteleggar, rådgjevar og støtte til leiarane i rolla deira. Me skal sørgje for gode arbeidsprosessar, system, retningslinjer ol., og bidra til å sikre god medråderett mellom tilsette og kommunen som arbeidsgjevar. Me har også ansvar for informasjon og dialog med innbyggjarane gjennom ma. heimeside og sosial medie.

Staben blir leia av kommunedirektør og held til i kommunehuset i Bø.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

09eb0fd6-24a5-463e-8971-f843892ad82f

Sist endret

10. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8fa59a16944143d89be21e89f5cfc699

Lignende annonser

Laster lignende annonser