Me søkjer funksjonsleiar til vår psykosepost 2!
Haugaland DPS, Helse Fonna HF
Floravegen 75, 5535 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Funksjonsleiar psykosepost 2
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Me søkjer ein fagleg engasjert funksjonsleiar til vår psykosepost 2 på Haugaland DPS (HDPS).
Ved Haugaland DPS har vi to psykosepostar. Psykosepost 2 har 9 sengeplassar og er lokalisert i andre etasje. Posten har ein nyvinnande innretning av drift; pasientgruppa består primært av pasientar i etablerte forløp i psykosepoliklinikk, ACT og FACT, og behandlingsansvaret for forløpa vert ivaretatt av poliklinisk behandlar.
Personalgruppa er høgkompetent, og tverrfagleg samansatt. Behandlingstilbodet på posten er døgnåpent, og storparten av personalgruppa arbeidar turnus.
Det er dei siste åra gjennomført eit betydeleg utviklingsarbeid med styrking av fag, kvalitet og organisering av behandlingstilbodet for psykose ved HDPS. Døgntilbodet har eit utbreitt samarbeid med polikliniske tenester, som omfatter ACT og FACT-team, samt ei rekke strukturerte behandlingstilbod.
Funksjonleiar vil ha ei sentral rolle i det vidare utviklingsarbeidet, inngår i Haugaland DPS si dyktige leiargruppe kor ein samarbeidar på tvers av fag, døgn og poliklinikk.
Haugaland DPS er det største distriktspsykiatriske senteret i Helse Fonna, og ligger sentralt til med lokaler i Haugesund og Kopervik. Me har eit stort fagmiljø og gir eit bredt behandlingstilbod i fleire døgnpostar og poliklinikkar.
Kva går jobben ut på?
- Fagutvikling i tråd med nasjonale føringar og oppdragsdokument.
- Sørge for effektive og gode pasientforløp gjennom planlegging og samhandling internt og eksternt .
- Ansvarleg for oppfølging av medarbeidarane, samt tilrettelegge for utvikling.
- Bemanningsplanlegging og aktivt deltaking i det daglege arbeidet
- Ansvar for god kvalitet i pasientbehandlinga.
- Inngå og bidra i avdelinga si leiargruppe med arbeidsoppgåver på tvers av einingar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule.
- Leiarerfaring og/eller relevant leiarkompetanse
- Erfaring og god kunnskap om psykisk helsearbeid
- Erfaring frå kvalitetsutviklingsarbeid, endrings- og forbetringsprosessar kan vere ein fordel
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du har:
- Evne til å sjå heilskap/strategisk tenking
- Evne til å involvere, skape engasjement og vere ein samlande leiar
- Gode samarbeidsevner og gjennomføringsevne
- Høg arbeidskapasitet
- Gode kommunikajsonsferdigheiter og formidlingsevne, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde
Kvifor skal du velje oss?
- Spennande og utfordrande fagmiljø i utvikling.
- Godt arbidsmiljø og mulighet til å bli ein del av eit fagleg sterkt leiarfellesskap
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar, +47 93241877, hvbr@helse-fonna.noArbeidsstad
Floravegen 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5025949871
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
09e88a35-e6d8-4ec5-9a95-7a78a8955966
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e9cca0fb035b4a4a887c757edb93ba79