Faglærar og kontaktlærar 1-10 klasse
Vindafjord kommune Vikedal skule
Kyrkjevegen 7, 5583 Vikedal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Babyboom blant dei tilsette i Vikedal skule – no treng me supervikarar!
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
No opplever me noko heilt spesielt – fleire av våre fantastiske kollegaer skal ha barn! Difor treng me heile 5x100% lærarvikarar til både barnetrinnet og ungdomstrinnet framover.
Vikedal skule søker deg som bryr deg om elevane – og som er oppteken av læring og meistring. Me veit at læring skjer best når elevane kjenner seg trygge, sett og forstått – og når dei vaksne rundt dei samarbeider mot same mål. Difor legg me stor vekt på tillit, gode relasjonar og eit inkluderande miljø for både elevar og vaksne.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt fellesskap der me løftar kvarandre, deler erfaringar og utviklar praksis saman. Her får du rom til å vera deg sjølv – og til å veksa både som pedagog og kollega.
Dette er sjansen for deg som vil bidra til å forma framtida – og som vil vera med å halda hjula i gang medan kollegaene våre nyt babytida!
Søk no, bli ein del av Vikedal-skulefamilien og hjelp oss å skapa tryggleik, meistring og læringsglede for elevane våre.
- Bidra til eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Planleggje og leie elevanes læring både i og utanfor klasserommet.
- Byggja gode relasjonar til elevar og føresette.
- Fremje elevane si læring med varierte undervisningsmetodar.
- Rettleie og støtte elevane i leik, sosial utvikling og læring.
- Ta del i eit fellesskap der med lærer, deler og utviklar oss saman.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som gir meistring.
- Engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å komma godt i gong i den nye rolla di. Nyutdanna lærarar vil få eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Kontaktlærartillegg for dei som tek på seg kontaktlæraransvar.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
- Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen.
- Annen relevant pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.
- Elevsentrert: Du møter elevane med respekt, varme og nysgjerrigheit, er open og lyttande, og planlegg for meistring og læring.
- Relasjonsbyggar: Du skapar tryggleik og tillit gjennom omsorg, gode relasjonar og tydelege grenser – både i klasserommet og på arbeidsplassen.
- Lagspelar: Du likar å samarbeida, deler ansvar og bidreg aktivt til eit positivt skule- og arbeidsmiljø.
- Problemløysar: Du tar ansvar, finn løysingar og handterer utfordringar på ein konstruktiv måte.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
098bf502-49aa-4e43-b6d0-319257f3c726
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3538511_228565_nn