Fagarbeidar/assistent i barnehage, Brandsøy skule og barnehage
Barnehage, Kinn kommune
Slettevollsholten 11, 6908 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar/assistent, Brandsøy skule og barnehage
- Oppstart
- 14. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 2. januar
Skule- og barnehageåret 2025–2026 har vi om lag 100 elevar på skulen og 34 barn i barnehagen. Hos oss møter du eit kollegium på 25 fagleg dyktige, kreative og omsorgsfulle medarbeidarar som legg stor vekt på samhald og trivsel. Vi prioriterer både fagleg utvikling og teambuilding, og har ein inkluderande profil der vi byggjer det beste laget rundt barna.
Frå januar 2026 har vi ledig to vikariat som fagarbeidar/assistent i barnehagen – eitt på 80 % og eitt på 60 %.
Arbeidsoppgåver
Vi er eit oppvekstsenter som får følgje barna frå dei startar i barnehagen til dei går ut av 7. klasse 12 år seinare. Når du jobbar hos oss, får du høve til å:- Gi omsorg og tryggleik gjennom nærleik, varme og tilgjengelege armar og fang
- Kommunisere med barn både verbalt og gjennom kroppsspråk
- Observere barn i leik og samspel, og bidra til gode relasjonar
- Fremje danning og læring som legg grunnlaget for vidare utvikling og livet generelt
- Skape relasjonar til born som er nysgjerrige, fokuserte, undrande, ivrige, uthaldande og robuste
- Støtte born – både individuelt og i grupper – i leik og aktivitetar i tråd med rammeplanen for barrnehage
- Delta aktivt i både organisert leik og frileik
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge blir vektlagt høgt
- Evne til å skape gode relasjonar og tryggleik
- Positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner og vilje til å bidra i fellesskapet
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeid er ein fordel
- Anna relevant utdanning kan òg vere aktuelt
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer medarbeidarar som kan støtte, leie og rettleiie barn i alderen 1-5 år. Ein trygg vaksen som har ekstra fokus på leiken si rolle i barnehage, som bruker tid på å organisere rom, tid og leikemateriale for å inspriere til ulike typar leik. I kvardagen skal du fremme eit inkluderande miljø, der alle barna kan delta i, og erfare glede av leik.Du tar utfordringer på strak arm, og handterer ein kvardag som ikkje alltid gjekk, eller endte, slik som var planen når den starta. Du tar i mot råd og deler av din kunnskap - vi blir alltid betre og sterkare saman. Sist, men ikkje minst, så set du alltid barnet sitt beste først. Det vert lagt stor vekt på at ein er personleg skikka til jobben
Vi tilbyr
Eit nytt og moderne skulebygg og eit godt profesjonsfellesskap. Eit arbeidsmiljø med mykje humor og positivitet. Spanande og varierte arbeidsdagar. Lønns- og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk.Kontaktinformasjon
Monica Bøhmer, Rektor Brandsøy skule, +47 90837323Arbeidsstad
Slettevollsholten 116908 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5055218004
Stillingsprosent: 80, 60%
Vikar
Startdato: 14.01.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 02.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Monica Bøhmer
Rektor Brandsøy skule
+47 90837323
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
094d8ac3-9cea-4997-86e6-f915f961c3d2
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6ac13481a9874eaaaf3a1f4b3cb3fdbe
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Florø barneskole
Sted
Florø
Barne- og ungdomsarbeider, barnehage
Arbeidsgiver
Låven Barnehage
Sted
Bergen, Vestland
Arbeidsgiver
Florø ungdomsskule
Sted
Florø