Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Reinhald, Volda kommune, Eigedom
Prestegata 33, 6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 65%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald av pasientrom, fellesareal, kontor, korridorar og sanitærrom
- Halde reinhaldsutsyr og maskinar i orden
- Sikre at hygienekrav og interne retningslinger blir følgde
- Vedlikehald av golv og andre overflater
- Rapportere eventuelle avvik eller behov for vedlikehald
- Bidra til forvaltning av kommunen sine eigedomar på ein slik måte at dei ikkje forfell og veridane vert reduserte
- Bidra til samarbeid med andre seksjonar i eigedomsavdelinga
Reinhaldsoperatør/reinhaldar i eigedom har ansvaret for at bygningar som ho/han tenestegjer ved til ei kvar tid er tilfredsstillande reingjort etter gjeldande standard slik at det er mogleg å drive den verksemda som er i bygget.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldsoperatør. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Kjennskap til INSTA800 er ein fordel
- Evne til å arbeide sjølvstendeg og ta ansvar for eigne oppgåver
- Løysningsorientert
- Gode norskkunskap, munnleg og skriftleg, minimum nivå B1
- Kunne nytte digitale verktøy
Søkarar må vere minimum 18 år og kunne legge fram tilfredstillande politiattest. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast snarast etter tilbod om ansettelse og før tiltredelse.
Personlege eigenskapar
- Pliktoppfyllane og punktleg
- Nøyaktig, strukturert og effektiv
- Serviceinnstilt og god kommunikasjon
- Kunne jobbe sølvstendig og i team
- Vere open for endringar og kan tilpasse seg nye rutinar ved behov
- Må ha moglegheit til å starte arbeidsdagen kl 06:00
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande regulativer
- Opplæring
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Prøvetida er 6 mnd
Kontaktinformasjon
Wenche Skjærvik, Driftsleiar Reinhald, 90158816, wenche.skjervik@volda.kommune.noArbeidsstad
Prestegata 336100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5026283418
Stillingsprosent: 65%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
08871879-af3e-4646-8ea2-6c17d73b9fa7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
89df936318da4739b62cd3c275d0ce09