Lærar Kleppe skule
Klepp kommune, Kleppe skule
Viervegen 10, 4351 Kleppe
Om jobben
- Oppstart
- 17. august 2026
- Stillingstittel
- Lærar Kleppe skule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. august
Vi har ledig vikariat og søker etter ein motivert og engasjert kontaktlærar som ønsker å utgjere ein forskjell for elevane våre.
Vil du arbeide på ein spennande barneskule med gode kollegaer? Vi har ledig lærarvikariat i 100% frå snarast og til 31.07.27. Søk nå, ikkje vent til fristen, vi tilset fortløpande.
Visjonen vår er saman om ein god start, og verdiane inkludering og meistring er viktige for oss i arbeidet med å skape ein framtidsretta skule der elevane kan utvikle seg i eit trygt og utforskande læringsmiljø.
Kleppe skule er ein barneskule med 450 elevar og 82 tilsette. Vi har sentral plassering med god bussforbinding. Uteområdet vårt er stort og godt, og vi har nettopp bygd på skulen med stor og flott aula og kantine.
Ved skulen har vi Språkstasjon for 1.-7.trinn, som er ein eigen avdeling for elevar som kjem nye til landet. Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.
Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal.
Arbeidsoppgåver
- Lærar 1.trinn
- Planleggje og gjennomføre variert, utforskande og inkluderande undervisning
- Sørgje for eit trygt, inkluderande og godt skule- og klassemiljø
- Bidra til eit godt skule - heimsamarbeid
- Delta aktivt i profesjonsfellesskapet
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse, GLU 1-7 eller allmennlærarutdanning. Barnehagelærarutdanning kan og vere aktuelt.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Legg ved attestar og vitnemål i søknaden (last inn som vedlegg i webcruiter)
Personlege eigenskapar
- Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega.
- Du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar.
- Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson.
- Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
- Du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane.
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid.
- Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel.
- Du samarbeider og kommuniserer godt.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Klepp kommune har gode velferdsordningar, pensjons- og forsikringsordningar.
- Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk
Kontaktinformasjon
Sylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767Arbeidsstad
Viervegen 104351 Sandholen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5163427160
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 25.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Sylvia Gjersdal
Rektor
+47 92839767
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
08804c19-91b2-4e75-ab86-ce0ac075066e
- Sist endret
11. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a4e3bca42ea54739920d08286a69ccfa