Assisterande einingsleiar i Akuttmottak
Mottaksklinikken/ Akuttmottak, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande einingsleiar i Akuttmottak
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 14. oktober
Mottaksklinikken tok i 2022 imot om lag 44 000 akutt sjuke pasientar. Akuttmottak kan tilby ein variert, krevande arbeidsdag og eit triveleg og lærerikt arbeid. Akuttmottak er moderne og framtidsretta og har fokus på pasientar, pårørande og personleg utvikling for dei tilsette. I møte med pasientar og pårørande er sjukepleiar i samhandling med mange yrkesgrupper i sjukehuset. Akuttmottak tar årleg i mot over 38.000 pasientar.
Akuttmottak har ei spennande stilling ledig som assisterande einingsleiar. Vi tilbyr ei stilling med mange utfordringar og spennande oppgåver. Stillinga vil vere 80% som assisterande einingsleiar og 20% som sjukepleiar i Akuttmottak på helg.
Vi ønsker ein person med brei erfaring innan akuttmedisin som har erfaring frå leiing.
Vidare blir det lagt vekt på gode formidlings- og samarbeidsevner. Det er viktig at søkar innehar eigenskapar til å jobbe sjølvstendig og kan ta avgjerder.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for den daglege drifta
- Utarbeide retningsliner og delta i prosjekt
- Personaloppfølging, herunder medarbeidersamtalar for enkelte grupper
- Forbetringsarbeid
- Undervisning og rettleiing
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant sjukehuserfaring
- Leiarerfaring er ønskeleg
- Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- Svært god IKT-kompetanse
- Erfaring fra forbedringsarbeid.
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av å halde deg fagleg oppdatert
- Ansvarbevisst, sjølvstendig og strukturert
- Evne til å bygge relasjonar og følge opp resultat
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
- Evne til å arbeide målretta og er beslutningsdyktig
- Du trivast godt med å undervise, og formidlar faget på ein strukturert og pedagogisk måte
- Du er god til å finne nye løysingar, og bidrar aktivt med kunnskap og kompetanse
- Endringsvillig og klar for nye utfordringar
- Du er bevisst di rolle i å skape eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Akuttmottak tilbyr faglege og personlege utfordringar i ei avdeling prega av høgt arbeidstempo, godt arbeidsmiljø og trivsel
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Robert Nekkøy, Avdelingsleiar, 47270564Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5014109136
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Robert Nekkøy
Avdelingsleiar
47270564
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
082a14db-fd76-4708-8dde-caebe4357205
- Hentet fra
talentech
- Referanse
446f27a3fe1840c6bec5c82a2f8f42ca