Er du barnehagelærar og på jakt etter nye utfordringar? Då vil me gjerne høyre frå deg.
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- To faste 100 % stillingar som barnehagelærar i Lærdal kommune
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. oktober
Me søkjer no etter to barnehagelærarar i faste 100 % stillingar til barnehagane våre i Lærdal kommune.
To barnehagar – ulike i storleik, men med mykje fellesLærdalsøyri barnehage er den største barnehagen vår, med sju avdelingar og eit stort og variert fagmiljø. Barnehagen har eit fleirkulturelt og inkluderande barnehage- og arbeidsmiljø, der leik, læring og gode relasjonar står sentralt. Her får du mange kollegaer å samarbeide, reflektere og utvikle deg fagleg saman med.
Borgund barnehage er ein liten og oversiktleg to-avdelingsbarnehage, og er ein del av Oppvekst Borgund. Her er barnehage, skule og SFO samla under same tak, med tett samarbeid og gode overgangar mellom barnehage og skule. Me nyttar naturen og nærmiljøet aktivt og legg stor vekt på leik, relasjonar, fellesskap og tryggleik. I eit lite fagmiljø vert du sett, får påverke og opplever kort veg frå idé til handling.
Felles for barnehagane våre er ønsket om å skape ein trygg og god barndom, og eit arbeidsmiljø der me lærer av kvarandre og utviklar praksisen vår saman.
Kven søkjer me?Me søkjer primært deg som har godkjent barnehagelærarutdanning.
Dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar med barnehagelærarutdanning, kan det vere aktuelt å tilsetje barne- og ungdomsarbeidarar eller assistentar. Me oppmodar derfor også deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, anna relevant utdanning eller relevant erfaring frå arbeid med barn, til å søkje.
Me ser etter deg som- er trygg, varm og tydelig i møte med barn.
- er god på relasjonsbygging og samarbeid.
- har engasjement for leik, læring og utvikling.
- tek ansvar og bidreg positivt i profesjonsfellesskapet.
- er løysingsorientert og trivst med ein variert kvardag.
- har evne og vilje til fagleg utvikling.
Du skal vere med på å planleggje, gjennomføre og utvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Du samarbeider tett med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar og bidreg aktivt til eit trygt og godt barnehage- og arbeidsmiljø.
Me tilbyr- eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.
- gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
- stor grad av medverknad og moglegheit til å påvekre eigen arbeidskvardag
- løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS, basert på utdanning, kompetanse og erfaring.
- gode pensjonsordningar.
- gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.
- full barnehagedekning.
- gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse.
- gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum.
- eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0804c87a-6395-4464-b211-b62410ea3e51
- Sist endret
15. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3661981_228191_nn