100% stilling som lærar ved Odda ungdomsskole
Ullensvang kommune Odda ungdomsskule
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Ynskjer du å dyrka fram meistring hos ungdomar og bidra til eit godt læringsmiljø? Då vil vi gjerne høyra frå deg!
Som lærar hos oss får du gode mogelegheiter til å arbeide i eit miljø prega av arbeidsglede, høg kompetanse og til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til 204 flotte ungdomar!
Om skulen
Odda ungdomsskole ynskjer å vere ein kollektiv skule der profesjonsfelleskapet arbeider saman for at alle elevane får ei best mogeleg sosial og fagleg utvikling. På Odda ungdomsskole meiner vi at trivsel, deling og samarbeid er viktig for å skape den gode skulen.
Skuleleiinga består av rektor og 2 avdelingsleiarar.
Vi har tre parallellar og er organiserte i team med teamleiar for kvart trinn. Skulen har to sosiallærarar/rådgjevarar, spesialpedagogisk koordinator og seksjonsleiarar i norsk, matematikk og engelsk. Skulen har 100% merkantil ressurs.
Ullensvang kommune har eit aukande tal minoritetsspråklege elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova §3-6. For å sikra eit likeverdig og kvalitativt godt opplæringstilbod for desse elevane, vil vi etablera integreringsklassar ved dei fem største skulane i vår kommune, Jondal skule, Kinsarvik skule, Odda barneskole, Odda ungdomsskole og Opedal skule. Vi lyser etter eit årsverk på kvar av desse skulane. Integreringsklassane vil følgja ein modell der elevane er formelt tilknytt ordinære klassar, samtidig som dei får forsterka norskopplæring i eigne grupper. Denne kombinasjonsmodellen vil sikra både fagleg framgang og sosial integrering. Etablering av integreringsklassar vil gi minoritetsspråklege elevar i Ullensvang kommune betre føresetnader for å lukkast fagleg og sosialt i grunnskulen, og vil vera eit viktig bidrag til kommunen sitt integreringsarbeid. Tiltaket er i tråd med nasjonale føringar, og vil styrkje kommunen sitt arbeid med inkludering og mangfald.
Vi søkjer deg som er/har:
Engasjert og motivert lærar med godkjent undervisningskompetanse for grunnskule.
Har erfaring som lærar og har jobba med og kjennskap til arbeid med integreringsklassar/elevar som skal læra seg norsk.
Har eit positivt elevsyn og trur på at alle elevar kan lukkast.
Er dyktig til å byggje gode relasjonar med elevar, foreldre og kollegaer.
Er fleksibel, løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner.
Er ein god lagspelar som bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø.
Er fagleg sterk og held deg oppdatert på ny forsking og utvikling i skolen.
Er god på å skape eit trygt og godt læringsmiljø.
Er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr:
Ein spennande og meiningsfull jobb i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Engasjerte og positive kollegaer som brenn for elevane.
Varierte og spennande arbeidsoppgåver
Eit godt pedagogisk utviklingsmiljø og tett samarbeid med støttetenester og skular.
Moglegheit for fagleg utvikling og rettleiing.
Lønn etter avtaleverk
Arbeidsstad i naturskjønne Ullensvang kommune.
Krav:
politiattest
Er du den vi søkjer?
Send din søknad med CV og relevante vitnemål/attestar via vårt elektroniske søknadssystem (lenkje).
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
07fbb3d8-766e-483a-94cb-0d7f9569397c
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3538769_193925_nn