Spesialist i oral protetikk ved Haukeland sjukehustannklinikk
Vestland tannhelseteneste
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Spesialist i oral protetikk ved Haukeland sjukehustannklinikk
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 16. september
Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då kan stilling ved tannklinikken på Haukeland vere noko for deg!
Klinikken er ein del av TkVestland, eitt av fem regionale kompetansesentre i Norge. Vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Vi har eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan alle odontologiske disiplinar.
Ved klinikken på Haukeland vil du jobbe tett i tverrfaglege team saman med spesialistar og erfarne kollegaer. Pasientane våre er i hovudsak tilviste frå offentlege og private tannklinikkar, og behandlingstilbodet omfattar både utgreiing og avansert behandling. Vi har òg eit sterkt fokus på praksisnær fagutvikling og kunnskapsdeling.
TkVestland har moderne fasilitetar i Årstadvegen og ved Haukeland sjukehus. Vi er omlag 45 tilsette.
Arbeidsoppgåver
Haukeland tannklinikk er Vestland fylkeskommune si tannklinikk ved kjevekirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Vi behandlar pasientar med samansette og krevjande behov, og søkjer no ein spesialist i oral protetikk til eit engasjert og tverrfagleg fagmiljø.
Som protetikar vil du arbeide med rehabilitering av pasientar etter kreftsjukdom, store traume og behandling av pasientar med leppe-kjeve-ganespalte. Pasientane våre har ofte samansette behov og er sjuke eller immobile.
Du arbeider tett saman med andre spesialistar og sjukepleiarar i oral kirurgi og oral medisin om felles vurderingar etter tilvising, og du deltek i tverrfaglege team der fleire kollegaer samarbeider om den beste behandlinga for kvar enkelt pasient.
Timeboka er variert og kan endre seg gjennom dagen, noko som gjer at du må evne å handtere det uforutsette med fagleg tryggleik.
Som protetikar hos oss vil du også delta i utadretta verksemd, kompetanseheving og eventuelle andre oppgåver som er i tråd med samfunnsoppdraget til kompetansesenteret.
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon som spesialist i oral protetikk
- Det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring som protetikar
- Gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Den som vert tilsett i tannhelsetenesta, må leggje fram gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
Du er ein spesialist som set pasienten i sentrum og som trivst med å jobbe tett på menneske med samansette og krevjande behov.
Vi ser etter deg som:- arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta, og tek ansvar for eiga fagutøving.
- møter pasienter med respekt og omsorg.
- kommuniserer tydeleg og skapar tryggleik hjå pasientar, pårørande og kollegaer.
- bidreg aktivt i tverrfaglege team og er ein ressurs for fellesskapet.
- er nysgjerrig og engasjert i fagleg utvikling og deler gjerne kompetansen din med andre.
- handterer ein variert arbeidsdag med ro og fagleg tryggleik.
Stillingsprosenten kan justerast ved særleg godt kvalifisert kandidat.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Utfordrande oppgåver med mykje ansvar i eit sterkt tverrfagleg fagmiljø.
- Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
Kontaktinformasjon
Marita Bjørkelund, Fung. klinikkleiar, 97592838, Marita.Bjorkelund@vlfk.noArbeidsstad
Årstadveien 195009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5151580953
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
07d9c090-a974-44d5-93e0-6c3d406da201
- Sist endret
2. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8ed85dc319bc48ed99974f7164e58cfe