Leiande helsesjukepleiar
Helsetjenester, Tokke kommune
Revahaugvegen 4, 3880 Dalen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Leiande helsesjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. oktober
Er du helsesjukepleiar og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg!
Frå 1. desember 2025 har vi ledig ei fast 100 % stilling som leiande helsesjukepleiar. Arbeidet er knytt til helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom. Du jobbar på dagtid i vekedagane, men må rekne med nokre kurs og møte på kveldstid. Vi har fleksitidsordning.
Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med 2,7 årsverk helsesjukepleiarar, 1 årsverk jordmor (der 0,6 årsverk inngår i jordmorvakta i Vest-Telemark), og 0,5 årsverk sekretær. I tillegg har vi ressursar til flyktninghelseteneste og prosjektarbeid.
Tenesta høyrer til under helse og omsorg, med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. Vi held til i same bygg som legekontor, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, samt institusjon og heimeteneste – noko som gir gode høve for samarbeid.
Tokke kommune har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariff.
Arbeidsoppgåver
• Vere fagleg leiar for helsestasjonen
• Sikre gode tenester som varetek barn og unge sine fysiske, psykisk og sosiale behov
• Utføre oppgåver innan dei nasjonalfaglege retningslinene innan helsestasjon- og skulehelsetenesta samt helsestasjon for ungdom
• Bidra til å ha eit godt samarbeid i laget rundt barn/ungdom/familie
Kvalifikasjonar
• Godkjent norsk autorisasjon som helsesjukepleiar• Erfaring innan førebyggjande og helsefremjande arbeid er ein fordel
• Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein arbeidskvardag
• Kurs i COS-P (foreldrestøtte) er eit ynskje
• Førarkort klasse B
• God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig
• Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil bli vektlagd
Vi tilbyr
Helsestasjonen har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.
Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar.
I tillegg har kommunen eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Andre opplysningar:
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Ynskjer du å arbeide redusert, vil vi kome deg i møte på det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Tiltreding: Ynskjeleg frå 01.12.25, men kommunen er open for søkjarar som kan tiltre etter dette.
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no.
Velkomen som søkjar!
Kontaktinformasjon
Evy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975Arbeidsstad
Revahaugvegen 43880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 5015978898
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Evy Katrin Aamlid
Avdelingsleiar
+47 41100975
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
07c72b95-d292-428c-b6e5-fc244e0822e9
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a53d7cad61aa4db8b81d2e185c83df79